Santa Maria della Grazia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santa Maria della Grazia
Land  Italia
Areal 0,038148 km²
Folketal 0
Kart
Santa Maria della Grazia
45°25′09″N 12°20′22″E / 45.4192°N 12.3394°E / 45.4192; 12.3394
Wikimedia Commons: Santa Maria della Grazia

Santa Maria della Grazia eller La Grazia er ei kunstig øy i Venezialagunen mellom Giudecca og San Clemente. Ho vart til i mellomalderen av steinfyll frå Venezia. Øya har fått namn etter den visstnok mirakuløse madonnaa som stod i den tidlegare kyrkja.

I 1264 var ho heim for pilegrimar som til Det heilage landet, og vart seinare omforma til eit nonnekloster. I napoleonstida vart klosteret lagt ned og omforma til eit krutmagasin, som i 1849 eksploderte og øydela både det tidlegare klosteret og kyrkja.

Øya hadde i tida etter og fram til slutten av 1900-talet eit sjukehus for smittsame sjukdomar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]