Santandersmett
Santandersmett | |
Santandersmett | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Kritisk truga Utbreiinga av Santandersmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Thryophilus |
Art: | Santandersmett T. nicefori |
Vitskapleg namn | |
Thryophilus nicefori |
Santandersmett (Thryophilus nicefori) er ein fugl i gjerdesmettfamilien. Han er endemisk for Santander-departementet i Colombia, og er kritisk truga.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Santandersmetten er ein mellomstor medlem i familien, ca. 15 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta til vaksne fuglar er brun på oversida med lys grå til kvit underside. Andletet har svartkvite striper og han har ei iaugefallande kvit augebrynstripe. Både halen og vengene har svarte tverrstriper. Nebbet er lyst.[1]
Utbreiingsområdet på ca. 4700 km2 ligg rundt San Gil, litt sør for Bucaramanga. Dette er vestskråninga av den austre fjellkjeda av Andes. Her lever santandersmetten frå 800 til 2100 moh., i tørt skogshabitat, helst med tre, mykje lianar og nedfallsblad.[2]
Populasjonen er estimert til å ligge mellom 50 og 250 individ inkludert ungfuglar, og er trudd å minke. Trugsmåla inkludering utviding av jordbruksareal. Arten er klassifisert som kritisk truga.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Kroodsma, D., Brewer, D. & Sharpe, C.J. (2015). Niceforo's Wren (Thryophilus nicefori) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 8. november 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Thryophilus nicefori Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 8. november 2015
- Referansar
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Bilete på Flickr.com Henta den 8. november 2015