Hopp til innhald

Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Santo Domingo de los Tsáchilas
provins
Flagg
Land  Ecuador
Hovudstad Santo Domingo de los Colorados
Areal 3 770,08 km²
Folketal 492 969 (2022)[1]
Språk spansk
Kart
Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen
0°20′00″S 79°15′00″W / 0.33333333333333°S 79.25°W / -0.33333333333333; -79.25
Kart som viser Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen.
Kart som viser Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen.
Kart som viser Santo Domingo de los Tsáchilas-provinsen.
Wikimedia Commons: Santo Domingo de los Tsáchilas Province

Santo Domingo de los Tsáchilas (spansk uttale [ˌsanto ðoˈmiŋgo ðe los ˈtsatʃilas]) er ein provins i Ecuador. Hovudstaden er Santo Domingo de los Colorados. Provinsen har omtrent 490 000 innbyggjarar per 2022. Namnet kjem frå hovudstaden og urfolket som blir kalla tsáchila, som på spansk også blir kalla colorados.

Provinsen ligg i overgangsområdet mellom den vestlege skråninga av Andes og kystregionen i det sentrale nordvestlege Ecuador. Vegetasjonen er prega av tropiske regnskogar og tidlegare regnskogområde som i dag blir brukte til storfedrift eller som banan- eller oljepalmeplantasjar.

Provinsen grensar i nord og aust til Pichincha, i nordvest til Esmeraldas, i vest til Manabí, i sør til Los Ríos og i søraust til provinsen Cotopaxi.

Santo Domingo de los Tsáchilas vart oppretta i 2007 med kantonen Santo Domingo de los Colorados som ein av to kantonar. Kantonen Santo Domingo de los Colorados, oppretta i 1967 som den vestlegaste kantonen i provinsen Pichincha, vart skilt ut frå Pichincha. Den andre kantonen i Santo Domingo de los Tsáchilas, La Concordia, var skilt ut frå Esmaralda.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Principales resultados» (på spansk). Henta 26. september 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]