Sara Eggesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sara Eggesvik
Personleg informasjon
Fødd 29. april 1997
Fødestad Bodø
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
KIL/Hemne
Nummer 18
Ungdomsklubbar
0 Grand Bodø
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2014–2019 Grand Bodø 89 (7)
2019–2020 Charlton Athletic 10 (1)
2019Grand Bodø (lån) 6 (0)
2020–2021 KIL/Hemne 24 (3)
2022 Malvik 12 (5)
2023– KIL/Hemne 17 (0)
Landslag
2016 Noreg J19 2 (0)
2018 Noreg U23 2 (0)
2017– Filippinane 25 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 24. mars 2024
‡ Landslagsmål oppdatert 24. mars 2022

Sara Kristine Bantan Eggesvik (fødd 29. april 1997 i Bodø) er ein norsk-filippinsk fotballspelar som spelar for KIL/Hemne i 1. divisjon.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Eggesvik er fødd i Bodø. Ho har ein norsk far og ei filippinsk mor.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Eggesvik debuterte i Toppserien for Grand Bodø i oktober 2014, heime mot LSK Kvinner.[2]

I januar 2019 signerte Eggesvik for Charlton Athletic på nivå to i engelsk fotball.[3][4] Sommeren 2019 var hun utlånt til Grand Bodø.

I juli 2020 signerte Eggesvik for KIL/Hemne i 1. divisjon.[5] Etter 2021-sesongen valde ho å trappe ned for å fokusere på legestudium, og melde overgang til Malvik i 3. divisjon.[6] Trass i at ho trappa ned fekk ho førespurnad om å representere det filippinske landslaget, som ho var kvalifisert til spel for ettersom mora henar kjem frå Filippinane. I juni 2022 var ho på si fyrste samling med landslaget etter å ha fått på plass filippinsk pass.[6][7]

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Eggesvik har aldersbestemte landskampar for Noreg.[2] Ho debuterte for det filippinske landslaget med 3–0-siger mot Bosnia-Hercegovina, 23. juni 2022.[8]

Hausten 2022 var ho ein del av det filippinske landslaget som blei meister i Søraust-Asia.[9] Under meisterskapen scora ho sitt fyrste landslagsmål for Filippinane då dei slo Singapore 7–0 i gruppespelet.[10][11][12]

Eggesvik var ein del av den filippinske troppen til VM i Australia og New Zealand i 2023, der ho var med å møte Noreg i gruppespelet.[13][14] Ho var delaktig med i den fyrste scoringa til Filippinane i ein verdmeisterskap, då ho sendte pasninga som blei hedda i mål av Sarina Bolden i kampen mot New Zealand.[15] Målet sørga for at Filippinane vann kampen og tok sin aller fyrste siger i ein verdsmeisterskap.[16]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morales, Luisa. «Meet the Filipino-Norwegian booter tearing up the pitch in Norway». Philstar.com. Henta 27. januar 2023. 
  2. 2,0 2,1 Fotballforbund, Norges. «Sara Kristine Bantan Eggesvik - Profil». fotball.no - Norges Fotballforbund (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  3. «Charlton Women’s Norway international on her start to life in England | Charlton Athletic Football Club». www.charltonafc.com (på engelsk). Henta 27. januar 2023. 
  4. Pedersen, Simen (31. mars 2019). «(+) Sara (21) nyter tilværelsen i England: - Det var vanskelig i starten». Avisa Nordland (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  5. Guttormsen, Jakob (21. juli 2020). «(+) Sara (23) fra Bodø vender tilbake fra profflivet: – Jeg følte tiden var inne». Avisa Nordland (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  6. 6,0 6,1 Toresen, Freddy (12. juni 2022). «(+) Sara (25) trappet ned for å satse på legestudier – så fikk hun en overraskende telefon». Avisa Nordland (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  7. Guttormsen, Jakob (10. juli 2022). «(+) Knallstart for Sara (25) fra Bodø - nå går hun for gull». Avisa Nordland (på norsk). Henta 27. januar 2023. 
  8. «Bosnia and Herzegovina WNT 0-3 Philippines WNT». The Philippine Football Federation (på engelsk). 23. juni 2022. Henta 27. januar 2023. 
  9. Børstad, Johannes (20. august 2022). «Sara spiller fotball i 3. divisjon og er landslagsspiller». NRK (på norsk bokmål). Henta 27. januar 2023. 
  10. del Carmen, Lorenzo (6. juli 2022). «AFF: Filipinas reach seventh heaven, coast to win over Singapore». Tiebreaker Times. Henta 6. juli 2022. 
  11. Yumol, David Tristan (6. juli 2022). «Filipinas demolish Singapore, lead Group A of AFF tilt». CNN Philippines. Arkivert frå originalen 7. juli 2022. Henta 7. juli 2022. 
  12. Nasiad, Frederick (6. juli 2022). «Philippines demolishes Singapore in AFF Women's Championship». The Manila Times. Henta 7. juli 2022. 
  13. «Bodde sammen. Nå møtes de i VM-kamp: – Surrealistisk». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 28. juli 2023. Henta 6. august 2023. 
  14. oss!, Skrevet av Simen Pedersen Redaktør NTB 41 58 30 00 Tips (30. juli 2023). «Sara fra Bodø fikk det tøft da Norge gikk videre i VM». Bodø Nu (på norsk). Arkivert frå originalen 6. august 2023. Henta 6. august 2023. 
  15. Carmen, Lorenzo del (25. juli 2023). «Bolden header, McDaniel heroics stun Ferns as Filipinas score historic World Cup win». Tiebreaker Times (på engelsk). Henta 25. juli 2023. 
  16. Maruyama, Ben Morse,Tara Subramaniam,Mayumi (24. juli 2023). «The Philippines stun co-host New Zealand 1-0 to earn first ever Women's World Cup win». CNN (på engelsk). Henta 25. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]