Noregs Fotballforbund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Noregs Fotballforbund (NFF)
Flag of Norway.svg
Fullt namnNoregs Fotballforbund
Stifta30. april 1902
Medlem av FIFA1908
Medlem av UEFA1954
PresidentYngve Hallén
StadionUllevaal Stadion
Kapasitet25 575

Noregs Fotballforbund (NFF), ofte berre kalla Fotballforbundet, er eit særidrettsforbund for fotball i Noreg. Forbundet vart stifta 30. april 1902 og er i dag det største særidrettsforbundet i Noreg, med 1909 medlemsklubbar (per 31. desember 2012). Visjonen til forbundet er «fotballglede, mogelegheiter og utfordringar for alle».

Stiftelsen[endre | endre wikiteksten]

Våren 1902 inviterte Lyn representantar frå klubbane Grane og Spring til å danne eit nasjonalt fotballforbund. Den 30. april 1902 møttest 14 delegatar frå dei tre klubbane på Hotel Bristol i Kristiania, det var Trygve Karlsen, Arthur Nordlie, Finn Hagemann, Leif Eriksen og Bredo Eriksen for Lyn; Just Hagemann, Isak Benjaminsen, Walter Aigeltinger og Emil Wettergreen for Grane og Christer Hummel Johansen, Arne Baggerud, Birger Freihow, Thorleif Wibe og Thorvald Torgersen for Spring. Saman vart dei samde om å stifte forbundet. Med ni mot fem stemmer fekk Lyn gjennomslag for namneforslaget sitt: Norsk Fodboldforbund. Isak Benjaminsen frå Grane vart den første formannen i forbundet.

Internasjonale utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

A-landslaget (menn)[endre | endre wikiteksten]

A-landslaget (kvinner)[endre | endre wikiteksten]

U21-landslaget herrar[endre | endre wikiteksten]

  • Bronsemedalje U21-EM 1998

Krinsar[endre | endre wikiteksten]

Følgjande fotballkrinsar er under Noregs Fotballforbund:

Agder | Akershus | Buskerud | Finnmark | Hordaland | Hålogaland | Indre Østland | Nordland | Nordmøre og Romsdal |
Oslo | Rogaland | Sogn og Fjordane | Sunnmøre | Telemark | Troms | Trøndelag | Vestfold | Østfold

Presidentar[endre | endre wikiteksten]

Handshake for Peace[endre | endre wikiteksten]

Handshake for Peace er eit konsept utvikla av Noregs Fotballforbund og Nobels Fredssenter. Konseptet skal skape haldnings- og åtferdsendringar i fotballen og fremje fredsbodskap i samfunnet. FIFA annonserte på FIFA-kongressen i Budapest den 25 mai 2012 at dei skal innføre Handshake for Peace på alle turneringane sine framover.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Eirik Borud og Knut Arne Hansen (25. mai 2012). «Nå innfører også FIFA «Handshake for Peace»». vg.no. Henta 29. oktober 2012. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]