Sarangi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sarangi
The Childrens Museum of Indianapolis - Sarangi.jpg
Strengeinstrument
Klassifisering strykeinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering
(Samansett kordofon med bruk av boge for å laga lyd[1])
Liknande instrument

Strykeinstrument

Sarangi {{devanagari सारंगी, nastaliq سارنگی) er eit korthalsa strykeinstrument frå Sør-Asia som blir brukt til å spela hindustanimusikk og rajasthansk folkemusikk.[2]

Resonansboksen til ein sarangi er som regel laga av Toona-tre trekt med geiteskinn.[2] Instrumentet som blir brukt i dag har vanlegvis 3 melodistrengar (som oftast tarmstrengar), ein bordun og vanlegvis 36 resonansstrengar av messing, stål eller begge metalla. Folkemusikkinstrumentet har færre resonansstrengar.[2] Dei frisvingande strengane tar opp vibrasjonar frå melodistrengane og svinger med. Melodistrengane ligg i eit ytre lag, medan resonansstrengane er plasserte nærare kroppen og ikkje blir rørt av bogen. Bogen er laga av hestehår.[1]

Sarangispel

Sarangispelaren held bogen i høgrehanda og endrar lengda på strengane med den venstre. Ein held instrumentet vertikalt når ein speler på det, og strengane blir gjort kortare ved at ein held fingernagla mot sida av melodistrengen.[1] Ved å bruka same finger og streng til å spela fleire noter, oppnår ein samansmeltinga av noter som er vanleg i indisk musikk.[2]

Ein har tradisjonelt brukt sarangi til å akkompagnera song, dans eller begge.[2] Ram Narayan er ein kjend sarangiutøvar som har popularisert sarangi som eit soloinstrument.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]