Sarlat-la-Canéda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sarlat-la-Canéda
Mellomalderhus i sentrum av Sarlat-la-Canéda
Mellomalderhus i sentrum av Sarlat-la-Canéda
Byvåpenet til Sarlat-la-Canéda
Byvåpenet til Sarlat-la-Canéda
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Aquitaine
Dordogne
Geografi
Flatevidd
 - By

47,13 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

9 707
  206/km²
Koordinatar 44°53′″N 01°13′″EKoordinatar: 44°53′″N 01°13′″E
Høgd over havet 189 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 24200
Heimeside: Kommunen si offisielle side

Sarlat-la-Canéda, tidlegare berre kalla Sarlat, er ein liten by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Dordogne i regionen Aquitaine, og har om lag 10 000 innbyggjarar.

Sarlat er kjend for mange mellomalderbygningar som trekk hordar av turistar om sommaren. I den same perioden er det også ein teaterfestival i byen[1].

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gamlebyen i Sarlat voks fram kring eit benediktinarkloster som gjekk attende til Karl den Store si tid. Byen hadde høgdepunktet sitt som senter for eit stort klostergods på 1200-talet. Klosteret var eitt av seks store kloster i provinsen Périgord og var det einaste som blei spart for vikingane sine herjingar. I 1153 kom klosteret under direkte vern av Paven og i 1318 blei det sete for eit nytt bispedøme. Klosterkyrkja blei etter den tid domkyrkje og Sarlat held fram med å spele ei viktig rolle som kyrkjesentrum fram til den franske revolusjonen.

Som sentrum for store kyrkjegods var byen eit attraktivt politisk mål under Hundreårskrigen mellom Frankrike og England og byen kom vekselsvis på engelske og franske hender. Under Fronden blei byen i 1652 okkupert av troppane til Prinsen av Condé. Etter den franske revolusjonen blei bispedømet lagt ned og byen miste den framtredande rolla han hadde. På 1960-talet ville ein rive dei gamle bygningane, men dei blei redda i siste liten av vernelova som André Malraux fekk gjennom i 1962.

Kjende folk frå Sarlat[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sarlat-la-Canéda