Gabriel Tarde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gabriel Tarde

Fødd12. mars 1843
Sarlat-la-Canéda
Død13. mai 1904
Paris
NasjonalitetFrankrike
Områdesosiologi, Kriminologi
Yrkeprofessor, sosialpsykolog, sosiolog, kriminolog, filosof, jurist, magistrate (civil law)
InstitusjonarCollège de France
Ministry of Justice of France
Alma materToulouse universitet (1896-1969)
BarnAlfred de Tarde, Guillaume de Tarde
MedlemAcadémie des sciences morales et politiques
Société de sociologie de Paris

Gabriel Tarde (18431904) var ein fransk jurist, sosiolog og kriminolog. Han var kjend som ein av grunnleggarane av kriminologien, sosialpsykologien og mediesosiologien. Tarde var lenge domar i Sarlat (Dordogne) og seinare professor ved Collège de France i Paris frå 1900.

Tarde sin sosiologi[endre | endre wikiteksten]

Tarde la vekt på imitasjon for å forstå samfunnslivet. Idéar, synspunkt og konkret åtferd tek vi frå andres idéar, synspunkt og åtferd. I stor grad er denne gjensidige påverknaden umedviten. Tarde samanlikna den sosiale imitasjonen med hypnose eller søvngjengeri. Imitasjon formar eit sosialt minne som er grunnlaget for all erfaring.

Dette hindrar ikkje at nye idéar, synspunkt og åtferder vil oppstå, men oppfinning er sjeldnare enn imitasjon og oppstår gjerne hjå eitt enkelt individ. For at ei oppfinning skal få ein sosial verknad må den spreie seg. Det kan skje gjennom familien, veneflokken, gjennom folkemengda i byen, gjennom massemedia, osb. Oppfinningar fører gjerne til motseiingar og strid mellom ulike synspunkt eller åtferder. Ei motseiing oppstår «... alle dei gonger ein nøler med å ta i bruk eller å forkaste ein ny modell som ein får tilbod om, eit nytt uttrykk, ein ny rite, ein ny idé, ein ny kunstretning, ein ny oppførsel» (omsett frå s.32 i Les lois sociales publisert på Les classiques des sciences sociales [1] Arkivert 2006-01-18 ved Wayback Machine.). Ei motseiing må føre til ei tilpassing mellom stridande krefter både i og utanfor individa og dermed til ein ny samfunnstilstand. Prosessen med imitasjon, oppfinning og motseiing kan då byrje på nytt.

Verknader av Tarde[endre | endre wikiteksten]

Tarde blei oppfatta som ein av dei fremste tenkjarane i si tid, men etter første verdskrigen «kom ei tung stille til å ligge på verka hans» (Jean Milet, sjå nedanfor). I utdanningsinstitusjonane dominerte då elevane til Émile Durkheim som var Tarde sin fremste motstandar.

Verknaden av Tarde sine arbeid var mykje større i USA. Av dei som var påverka av Tarde kan nemnast filosofen William James og journalisten Robert E. Park som var opptatt av Tarde sine analyser av avismedia. Park grunnla seinare den kjende Chicago-skulen i amerikansk sosiologi.

Tarde har vorte gjenoppdaga i heimlandet hans ved arbeida til Gilles Deleuze og interessa for Tarde har lenge vore aukande. Bøkene hans har sidan 1998 kome ut i ein serie på forlaget Seuil.

Sentrale bøker av Tarde[endre | endre wikiteksten]

  • La criminalité comparée (Samanliknande kriminalitet) (1890)
  • Les lois de l'imitation (Imitasjonens lover) (1890)
  • Les transformations du droit (Omdanninga av retten) (1891)
  • La logique sociale (Den sosiale logikken) (1895)
  • L’opposition universelle (Den universelle motseiinga) (1897)
  • Les lois sociales (Dei sosiale lovene) (1898)
  • Les transformations du pouvoir (Maktas omdanning) (1899)
  • L'opinion et la foule (Meininga og mengda) (1901)
  • Psychologie économique (Psykologisk økonomi) (1902)

Bøker om Tarde[endre | endre wikiteksten]

  • Gabriel Tarde et la philosophie de l'histoire av Jean Milet (1970) (Paris, Vrin)
  • Puissance de l'invention. La psychologie économique de Gabriel Tarde contre l'économie politique av Maurizio Lazzarato (2002) ISBN 2-84671-033-3
  • L'autre métaphysique. Essai sur Ravaisson, Tarde, Nietzsche et Bergson av Pierre Montebello (2003) ISBN 2-220-05212-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Gabriel Tarde ved Wikisource (fr).