Sasanidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
██ Vanlege territoirum ██ Største utstrekking ei kort tid under krigen mellom Austromarriket og Sasanideriket 602–628

Sasanidane var det siste innfødde dynastiet i Persarriket (Iran) før den arabisk-muslimske invasjonen på 600-talet. Sasanidetida byrja i 226, då dynastiet erobra Parti, og enda på midten av 600-talet, då riket blei erobra av arabarar.

Namnet på dynastiet kjem frå Sasan, ein stamfar av den første sasanideherskaren Ardasjir I (224-240). Ktesifon var hovudstad i riket. Hovudstaden fall for arabarane allereie i 636.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Statsreligionen i riket var parsisme (zoroastrisme). Retningen zervanisme var den viktigaste retningen innan parsismen i sasanideriket. Profeten Mani (216-277), som hadde utvikla ein ny skriftreligion, var verksam i denne perioden. I 250 fekk Mani kong Sjapur I til å konvertera til manikeismen, og under hans styretid hadde manikeismen stor framgang. Etter at kongen døydde blei Mani og tilhengjarane hans forfølgde. Mani blei teken, fengsla og dødsdømd, men døydde i fengselet før dommen blei fullført.[1][2]

Biblioteket i Ktesifon[endre | endre wikiteksten]

Under sasanidane huste Ktesifon eit av dei største biblioteka i antikken. I samband med den arabiske invasjonen blei biblioteket plyndra, og alle bøkene blei brende eller kasta i Eufrat. Ifølgje historikaren al-Tabari skrev befalshavaren Sa'd ibn Abi Waqqas til kalif Umar ibn al-Khattab og spurd kva han skulle gjera med boksamlinga i palassen i den sasanidiske hovudstaden. Umar skreiv tilbake at om bøkene var i strid med Koranen var dei blasfemiske, men om dei stemde med han var det ingen fare. Skriftene enda med å bli øydelagde, og dermed gjekk ein stor del av dei persiske litteraturskattane tapt for ettertida.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Mani». Nationalencyklopedin. Henta 17 maj 2012. 
  2. Ewald, Stefan (huvudförfattare) (1990, sv upplaga 1996). Religionslexikonet. Stockholm: Bokförlaget Forum. ISBN 91-37-11539-1

Bakkgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]