Sputnik 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein utstillingsmodell av satellitten Sputnik 1

Sputnik 1 (russisk:Спутник-1, namnet tyder «reisevenn») var den fyrste kunstige satellitten som blei sendt ut i verdsrommet. Han blei sendt opp av Sovjetunionen 4. oktober 1957. Dette kom som eit sjokkUSA, som på den tida trudde at teknologien deira låg framom den til Sovjetunionen.

Massen til satellitten var på 83,6 kg og diameteren 0,58 m. Han hadde to radiosendarar (20 og 40 MHz), og ein meiner at banehøgda var på 250 km. Analysar av radiosignala blei nytta til å samle inn informasjon om elektrontettleiken til jordatmosfæren. Sputnik 1 blei sendt opp av ein R-7-rakett.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]