Sayyid-brørne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sayyid Abdullah Khan held hoff.

Sayyid-brørne var to brør, Sayyid Hassan Ali Khan Barha eller Sayyid Abudullah Khan Barha (1666–12. oktober 1722) og Sayyid Hussain Ali Khan Barha (1668–9. oktober 1720) som var mektige generalar i Mogulriket tidleg på 1700-talet.

Farrukhsiyar tek imot Husain Ali Khan.

Brørne fekk stor innverknad ved mogulhoffet etter at stormogul Aurangzeb døydde i 1707, og blei kongemakarar i arveuroa som følgde. Først hjelpte dei sonen hans, Bahadur Shah I, til å nedkjempa brørne sine og ta trona. Etter at denne døydde i 1712 hjelpte dei tronkrevjaren Farrukhsiyar til å nedkjempa sonen hans Jahandar Shah, og fekk han seinare drepen. Då Farrukhsiyar prøvde å kvitta seg med dei vende brørne seg mot han og avsette, blinda og fengsla stormogulen. Dei fekk fetteren hans Rafi ud-Darajat innsett i februar 1719. Då han døydde av ein lungesjukdom i juni same året, gjorde dei den eldre broren hans Rafi ud-Daulah til stormogul som Shah Jahan II. Denne døydde av lungesjukdom i september 1719. Han blei etterfølgd av den fjerde sonen til Bahadur Shah I, syttenåringe Muhammad Shah, med Sayyid-brørne som regentar.

Muhammad Shah tok tilbake makta frå Sayyid-brørne med hjelp frå Nizam-ul-Mulk, ein annan mektig leiar ved mogulhoffet som stormogulen utnemnde til storvesir. Hussain Ali Khan blei drepen i Fatehpur Sikri 9. november 1720. Hassan Ali Khan Barha samla ein stor hær for å hemna broren, men blei slått ved Hasanpur i november same året. Han døydde av forgifting i 1722.

Namnet til brørne er også blitt stava som Syed, Saiyad, Saids og liknande.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]