Fatehpur Sikri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fatehpur Sikri
hindi फतेहपूर सिकरी, urdu فتحپور سیکری
View of the present Fatehpur Sikri, outside the historical city.jpg
Moderne Fatehpur Sikri
Land Flag of India.svg India
Stat Uttar Pradesh
Folketal 28 754 (2001)
Map
Fatehpur Sikri
27°5′28″ N 77°39′40″ E
Wikimedia Commons: Fatehpur Sikri

Fatehpur Sikri ('Sigersbyen') er ein by med kring 30 000 innbyggjarar (1. januar 2004) i den indiske delstaten Uttar Pradesh. Byen ligg ca. 4 mil frå Agra. Han var den politiske hovedstaden i Mogulriket under Akbar den store i eit tidsrom på litt over ti år, frå 1571 til 1585. Dei historiske bygningene frå denne tida står på UNESCO si liste over verdsarv. Dei omfattar fine byggverk i mogulstil i raud sandstein, mellom anna ein av dei største moskeane i India, Djama-moskeen.

Akbar bestemte seg for å byggja byen i 1571 til ære for sjeik Salim Chisti, som hadde spådd at han ville få tre søner. Seinare forlét Akbar staden for å kjempa mot afghanarar, og flytta hovudstaden til Lahore. Mangel på vatn her var eit anna problem. Byen blei likevel brukt att i 1619, då Akbar sin son Djahangir tok tilflukt her under ein pestepidemi. Arkeologiske utgravingar av Fatehpur Sikri fann stad i 1892.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.