Scapa Flow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scapa Flow ligg sør for Mainland og nord for Hoy og South Ronaldsay
SMS «Seydlitz» vart søkkt i Scapa Flow av tyskarane sjølv

Scapa Flow er eit sundOrknøyane sør for Mainland og nord for Hoy og South Ronaldsay. Sundet ligg verna til og er veleigna som naturleg hamn. Den britiske marinen brukte Scapa Flow som flåtehamn under både første og den andre verdskrigen. Marinebasen vart nedlagt i 1956.

Den første verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Som følgje av det tyske nederlaget i den første verdskrigen vart den tyske keisarlege flåten halden tilbake i Scapa Flow i påvente av utfallet av fredsforhandlingane i Versailles. Skipa kom til Scapa Flow i november 1918 og vart ein attraksjon for øybuarane. 21. juni 1919 gav den tyske admiralen Ludwig von Reuter ordre om å senke alle skipa for å hindre at skipa skulle kome på britiske hender som ein del av fredsavtalen. 64 skip vart søkkte og 9 sjømenn mista livet, dei siste omkomne i første verdskrigen.

Ti slagskip vart søkkte: SMS «Bayern», SMS «Kronprinz Wilhelm», SMS «Markgraf», SMS «Großer Kurfürst», SMS «Prinzregent Luitpold», SMS «Kaiser», SMS «Kaiserin», SMS «Friedrich der Große», SMS «König Albert» og SMS «König». SMS «Baden» gjekk på grunn og vart ikkje søkkt.

I tillegg vart fem slagkryssarar, fem kryssarar og førtifire torpedobåtjagarar søkkte.

Skipsvraka er i dag eit populært dykkemål for sportsdykkarar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]