Versaillestraktaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Versailles-traktaten)
Gå til: navigering, søk
The Signing of the Peace Treaty of Versailles

Versaillestraktaten av 1919 er fredsavtalen som førte til den offisielle slutten på første verdskrigen. Traktaten var resultatet av ein seks månader lang fredskonferanse i Paris. Han blei ratifisert den 10. januar 1920 og kravde at Tyskland tok på seg ansvaret for krigen og dermed var pliktig til å betala store krigsskadeerstatningar til dei andre krigsdeltakarane. Likt med mange andre traktatar er også denne kalla opp etter staden han blei underteikna på: Spegelsalen i Versaillespalasset.

Traktaten førte til danninga av Folkeforbundet, ei viktig målsetjing for den amerikanske presidenten Woodrow Wilson. Føremålet med organisasjonen var å mekla i konfliktar mellom nasjonar før dei gjekk til krig.

USA ratifiserte aldri traktaten. Vala i 1918 gav Republikanarane kontrollen i Senatet, og dei blokkerte ratifiseringa to gonger. Dei ville heller ha isolasjonisme og gjekk imot Folkeforbundet. Som eit resultat gjekk aldri USA inn i Folkeforbundet, og landet forhandla difor seinare fram ein separat fredsavtale med Tyskland: Berlin-traktaten av 1921 som stadfesta krigsskadererstatningane og andre delar av Versailles-traktaten, men eksplisitt ekskluderte alle artiklar som var relatert til Folkeforbundet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bokmålswikipediaen.
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.