Schilter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
EIn Schilter med frontmontert slåmskin.

Schilter er ein tidlegare sveitsisk produsent av traktorar for brattlendte bruk. Føretaket heldt til i Stans i kantonen Nidwalden. Føretaket vart stifta som ei smie i 1952 av Thomas Schilter, saman med broren Josef og faren Alois. I 1958 produserte dei den fyrste transporteren. I tillegg til transporterar vart det òg produsert motorslåmaskinar og seinare meir konvensjonelle, men lågbygde firehjulstraktorar med firehjulsdrift, spesialkonstruerte for å nyttast i bratt lende. Årsproduksjonen var ikkje på meir enn rundt 1000 einingar på det meste, så produksjonskostnadane var høge. I 1976 gjekk føretaket med tap og vert overteke av Maschinenfabrik Grapha, som i 1980 la ned produksjonen.