Nidwalden
Nidwalden Tysk: Nidwalden Fransk: Nidwald Italiensk: Nidvaldo Retroromansk: Sutsilvania | |
---|---|
![]() | |
![]() | |
Hovudstad | Stans |
Folketal | 41 024 (2011) |
Areal | 275,9 km² |
Folketettleik | 149/km² |
Forkorting | NW |
Kanton sidan | 1291 |
Høgaste topp | Rotstöckli (2901 moh) |
Nidwalden er ein kanton i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 276,1 km2, og hadde 40 759 innbyggarar i 2009. Stans er hovudstad i kantonen.
Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nidwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Nidwalden er, saman med Obdwalden, dei einaste kantonane som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot kantonane Luzern, Obwalden, Uri og Bern. Høgste fjellet i kantonen er 2 901 moh høge Rotstöckli, fjellet ligg i utkanten av Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen høyrer til dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 meter over havnivå.
Demografi og språk[endre | endre wikiteksten]
Ganske nøyaktig 10% av dei fastbuande har utanlandsk statsborgarskap. Majoriteten i Nidwalden, 92,5%, talar tysk. Men det er klare dialektskilnader innom kantonen. Ein liten minoritet, 1,4%, har italiensk morsmål, medan 1,2% snakkar serbokroatisk.
Religion[endre | endre wikiteksten]
75,6% av innbyggarane var i 2000 romersk-katolske, medan 11,9% sokna til den reformerte kyrkja i Sveits (Schweizer Reformierte Kirchen).
Kommunar[endre | endre wikiteksten]
Nidwalden består av elleve kommunar. Det er Beckenried, Buochs, Dallenwil, Emmetten, Ennetbürgen, Ennetmoos, Hergiswil, Oberdorf, Stans, Stansstad, Wolfenschiessen.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Saman med Obwalden utgjer Nidwalden Unterwalden, som var ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første sveitsiske eidsforbundet. Fram til 1999 var Nidwalden ein halvkanton, talde berre ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Etter endringar i den sveitsiske grunnlova, har Nidwalden ei røyst i stenderrådet, dei fleste andre kantonane har to røyster.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kanton Nidwalden» frå Wikipedia på tysk, den 6. august 2011.