Schlager & Chansons

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Schlager & Chansons var den vesttyske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956. Finalen fann stad 1. mai 1956 i Großer Sendesaal des Kölner Funkhauses i Köln, og vart presentert av Heinz Piper. Tevlinga vart vunnen av Walter Andreas Schwarz med den tyskspråklege songen «Im Wartesaal zum großen Glück», som fekk representere Vest-Tyskland i den fyrste utgåva av Eurovision Song Contest i Lugano i Sveits. Av di kvart land deltok med to bidrag kvar vart det andre valt ut av Arbeitsgemeinschaft der öffentlich-rechtlichen Rundfunkanstalten der Bundesrepublik Deutschland. Tre dagar før tevlinga hadde Lys Assia òg delteke i den sveitsiske uttakinga, der to av bidraga hennar vart valt ut til å representere Sveits. Namnet på songen og kva for plassering ho fekk er ikkje kjend. Det gjekk rykte om at Assia framførte den tyskspråklege songen «Ein kleiner gold'ner Ring», men ho kunne berre hugse at ho hadde framført songen i ein tysk musikkfestival. Seinare viste det seg at ho deltok i den tyske schlagerfestivalen i 1961 med «Ein kleiner goldner Ring».[1] Ho fekk ikkje representere Vest-Tyskland, men vann Eurovision Song Contest 1956 for Sveits med songen «Refrain».

I fylgje reglane måtte alle deltakarlanda arrangere ei nasjonal uttaking. Ingen av deltakarane som står oppført på lista kan hugse at dei deltok, og ein av artistane hadde ein konsert i Berlin same kveld som tevlinga vart arrangert. Det er dimed truleg at tevlinga berre er oppdikta og aldri fann stad.[2]

Finalen
# Artist Song Språk Låtskrivar Poeng Plass
01 Lys Assia
02 Rolf Baro
03 Eva Busch
04 Angèle Durand
05 Margot Eskens
06 Friedel Hensch og Die Cyprys
07 Margot Hielscher
08 Bibi Johns
09 Gerhard Wendland
10 Walter Andreas Schwarz «Im Wartesaal zum großen Glück» Tysk Walter Andreas Schwarz 01
11 Hans Arno Simon

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jan Feddersen: Ein Lied kann eine Brücke sein, Hoffmann und Campe 2002
  2. http://www.ecgermany.de/archiv/DV1956.htm