Schlieferspitze
Hopp til navigering
Hopp til søk
Schlieferspitze | |
fjell | |
Schlieferspitze, sett frå søraust
| |
Land | ![]() |
---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern |
Høgd | 3 290 moh. |
Primærfaktor | 527 m |
Førstestiging | 1871 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Wikimedia Commons: Schlieferspitze | |
Schlieferspitze er eit 3 290 meter over havet høgt fjell i Venediger-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike. Fjelltoppen, som er den høgste på den såkalla Krimmlerkammen, vert i litteraturen skildra som ein av dei vakraste toppane i Venediger-massivet. Frå toppen av Schlieferspitze strekker seg i fleire retningar ut opptil to kilometer lange egger.
Fjelltoppen vart nådd fyrste gongen den 22. august 1871 av ein geografiprofessor i Graz, Eduard Richter og ein kjøpmann i Praha, Johann Stüdl, den siste var elles ein av grunleggjarane av Deutschen Alpenverein.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Schlieferspitze» frå Wikipedia på engelsk, den 31. juli 2014.