Schoutenøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plassering på kartet
Kart over Schoutenøyane

Schoutenøyane eller Biak (Kepulauan Schouten) er ei øygruppe utanfor Ny-Guinea vest i Stillehavet. Øyane høyrer til Indonesia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Schoutenøyane ligg utanfor kysten i provinsen Papua, ved den nordaustlege delen av Cenderawasih Bay (Geelvink-baai). Geografisk ligg øyane i Melanesia.

Øygruppa dekker eit areal på om lag 3 100 km², fordelt på dei større øyane

  • Biak, hovudøya, ca 2 600 km²
  • Num, ca 84 km²
  • Numfoor, ca 335 km²
  • Supiori, ca 660 km²
  • Yapen (Korridu), ca 2 424 km²
  • samt ei rad mindre øyar.

Hovudøya har i kring 70 000 innbyggarar. Største staden er Biak City på sørkysten av øya. Høgste fjelltoppen er i kring 1 400 moh og ligg på Yapen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den spanske sjøfararen Álvaro de Saavedra var truleg den fyrste europearen som såg Schoutenøyane. I 1528 kalla han øyane for Isla de Oro. Ein annan spanjol, Yñigo Ortiz de Retez, var der i 1545. Nederlendarane Willem Schouten og Jacob Le Maire «nyoppdaga» øyane i 1616 under deira ekspedisjon i Stillehavet.

Øygruppa var nederlandsk koloni, som Indonesia elles.

Under andre verdskrigen okkuperte Japan øya Biak frå 1942 til 1944.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]