Scots Musical Museum
Scots Musical Museum er ei samling av tradisjonell skotsk folkemusikk gjeven ut i seks band frå 1787 til 1803. Ho var ikkje den fyrste samlinga av skotske folketonar, men har hatt stor tyding. Kvart band hadde rundt 100 songar, nokre av dei ukjende, og mange av dei blei del av repertoaret innan klassisk musikk.
Prosjektet blei byrja av James Johnson, ein musikkgravør og -seljar i tronge kår som elska gamle songar på skotsk og eit ønske om å ta vare på dei. Vinteren 1786 møtte han diktaren Robert Burns, som vitja Edinburgh for fyrste gong. Dei to fann ei felles interesse i dei gamle songane, og Burns blei ein entusiastisk bidragsytar til prosjektet. Det fyrste bandet kom ut i 1787, og hadde med tre songar av Burns. Han bidrog med 40 songar til bind 2, og stod til slutt bak rundt ein tredel av dei 600 songane i heile samlinga, i tillegg til å bidra redaksjonelt. Det siste bandet kom ut i 1803 og inneheldt den fyrste utgjevinga av «Handsome Nell», den aller fyrste songen til Burn.
I tillegg til å samla inn gamle songar, skreiv Burns også nye tekstar til gamle melodiar, og mange av songane som no er tillagde Burns har eldre røter. Songar i samlinga er mellom anna «Auld Lang Syne», «Lord Ronald, my Son» (betre kjend som «Lord Randal») og «My love is like a Red, Red Rose». Songane til Burns omfattar «The Battle of Sherramuir», «Scots Wha Hae», «Green Grow the Rashes», «Flow Gently Sweet Afton», «Ye Banks and Braes of Bonnie Doon», «Ae Fond Kiss», «The Winter it is Past», «Comin' Thro the Rye», «There Grows a Bonnie Brier Bush»[1] og «John Anderson, My Jo».
Samlinga blei internasjonalt populær, og songar og melodiar frå henne blei arrangerte av komponistar som Joseph Haydn og Ludwig van Beethoven. Burns samarbeidde med George Thomson om A Select Collection of Original Scottish Airs, som kom ut frå 1793 til 1818, og inneheldt skotske folkesongar i «klassiske» arrangement.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Rogers, Charles (1885). «The Scottish Minstrel: The Songs of Scotland Subsequent to Burns, with Memoirs of the Poets».
- Denne artikkelen bygger på «Scots Musical Museum» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Digitalisert utgåve av Scots Musical Museum ved National Library of Scotland.
- Island 7: Burns and Scottish Song
- Robert Burns - Travels and Music