Scott Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om øya i Antarktis. For øya i Canada, sjå Scott Island i Nunavut.
Koordinatar: 67°22.7′S 179°54.7′W
Scott Island
øy
Scott Island.jpg
Scott Island og Haggits Pillar
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Antarktis
 - høgd 54 moh.
 - koordinatar 67°22.7′S 179°54.7′W
Lengd 565 km
Areal ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart over Scott Island og Haggits Pillar (nord er ned)
Kart over Scott Island og Haggits Pillar (nord er ned)
Scott Island is located in Antarktis
Scott Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Scott Island

Scott Island er ei lita folketom øy av vulkansk opphav i Rosshavet i Sørishavet, 505 km nordaust for Cape Adare, nordaustenden av Victoria Land i Antarktis. Ho er 565 meter lang frå nord til sør og mellom 130 og 340 meter brei med ei høgd på 54 meter over havet. Øya dekkjer eit areal på 4 hektar. Haggits Pillar, er ein staur som er 62 meter høg og måler 50 meter i diameter. Han ligg 250 meter vest for øya. Øya har to små viker med strender, medan resten av øya er omgjeve av høge klipper. Ei av vikene er på nordaustkysten og den andre ovanfor Haggitts Pillar på vestsida av øya.

Øya vart oppdaga 25. desember 1902 av kaptein William Colbeck, kaptein på SY «Morning», støtteskipet til Robert Scott sin ekspedisjonen. Colbeck gjekk i land på øya. Colbeck planla opphavleg å namngje øya Markham Island, etter sir Clements Markham men valte seinare å kalla ho opp etter Scott. Haggits Pillar er kalla opp etter jentenamnet til mor til Colbeck, Haggit. I 2006 vart området kartlagd på ny og desse øyane vart funnen 2,3 km lenger nord enn der dei tidlegare vart posisjonert.[1]

Scott Island høyrer til Ross Dependency, som er New Zealand sitt kravområde i Antarktis).

Det stod ein automatisk vêrstasjon på øya frå desember 1987 til mars 1999.[2] I denne perioden vart middeltemperaturen målt til nokre få grader Celsius under 0 °C om sommaren og ned til -40 °C om vinteren.[3]

Den 12. februar 2009 gifta Andrew Perry og Molly Kendall, mannskap på MY «Steve Irwin», seg på øya, via av kaptein Paul Watson.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]