Scott Joplin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Scott Joplin
Scott Joplin.jpg
Fødd 31. mars 1868
Texas
Død

1. april 1917
New York by

Instrument

piano, gitar, fiolin

Sjanger ragtime, opera, Marsj i musikk, vals
Yrke pianist, komponist, banjospiller

Scott Joplin (18681. april 1917) var ein USA-amerikansk toneskapar og pianist. Han er vide kjend for sine ragtime-komposisjonar. Mellom 1895 og 1917 laga han 44 ragtime-melodiar, ein ragtime-ballett og to operaer. Ein av dei fyrste melodiane han laga, Maple Leaf Rag, vart sjølve signatur-melodien for ragtime-musikken.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

«Maple leaf rag» framført av Scott Joplin i 1916.
«The Entertainer» utført av Adam Cuerden.

Joplin var fødd seint i 1867, eller tidleg i 1868, i Nordaust-Texas, der far hans arbeidde på jarnbaneanlegg. Gjennom si eiga musikalske familie, og framhjelpt av lokale lærarar, utvikla han sine musikalske evner. I 1880-åra busette Joplin seg i Texarkana, der han dannna ein songkvartett, og underviste i mandolin- og gitarspel. Vel 20 år gammal slutta han med jarnbanearbeid. Dei neste åra reiste han rundt i dei amerikanske sørstatane og heldt konsertar på ei mengd ulike tilstellingar og stader. I 1893 tok han turen til verdsmessa i Chicago, innleiinga til den suksessen som skulle vert ragtime til del i 1897 og utover.

Joplin byrja gje ut musikkstykke i 1895. Med utgjevinga av «Maple Leaf Rag» i 1899 oppnådde han nasjonalt ry. Nett den melodien fekk ein sterk og varande innverknad på ragtime-stilen. Samstundes gav det komponisten ei stabil inntekt resten av livet, men ettersom Joplin aldri sidan hadde like stor suksess med seinare verk, hadde han ofte økonomiske vanskar. Åra 1901-07 budde han i St. Louis, der han heldt fram med å komponere, og jamnleg opptrådde med musikken sin. «The Entertainer» frå 1902 er den mest kjende melodien frå denne tida. Frå 1907 budde Joplin i New York City. I 1916 forfall han til demens, som eit utslag av syfilis. Han vart i januar 1917 innlagd på ein psykiatrisk institusjon, der han døydde tre månader seinare, 49 år gammal.

Etter Joplin døydde, vart ragtime-musikk fortrengd frå musikkscena av nye stilretningar som stride, jazz og swing. Musikken hans vart gjenoppdaga tidleg i 1970-åra, fyrst gjennom eit musikkalbum av Joshua Rifkin, og deretter som filmmusikk i den populære spelefilmen Stikket (The Sting).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]