Scottish country dance

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppvising frå Royal Scottish Country Dance Society i Zielona Góra.
Døme på Scottish country dance.
Scottish country dancing ved Skagit Valley Highland Games i Mount Vernon i Washington i 2005.

Scottish country dance (SCD) er ei særeigen form for country dance, ein type selskapsdans der grupper av par følgjer ulike dansemønster. Ein dans består av ei rekkje figurar. Desse dansane er sett til musikalske former (jiggar, reelar og strathspey-reelar) som stammar frå den gæliske tradisjonen i Det skotske høglandet, nett som trinna ein utfører i dansane. Tradisjonelt samsvarar ein figur med ein musikkfrase på åtte taktar.

Country dance, som kan seiast å vera ein type folkedans, dukkar opp i historiske oppteikningar i England på 1700-talet. Scottish country dancing som ein kjenner han i dag har røter i ei samansmelting av desse engelske danseformene med musikk og trinn frå det skotske høglandet. Han er blitt den nasjonale danseforma i Skottland, delvis fordi såkalla «Caledonian Country Dances» blei populære blant overklassen i London i tiåra etter Jakobittopprøret i 1745.[1] Allereie i 1724 blei det gjeve ut ei samling skotske dansemelodiar av John og William Neal, A collection of the Most Celebrated Scotch Tunes.[2][3]

Dansane i denne tradisjonen blir kategoriserte som reel (inkludert hornpipe), jig og strathspey, etter typen musikk dei blir dansa til. Dei to fyrste typane (også kalla quick-time dances) har raske tempo, raske rørsler og ei livleg kjensle. Den tredje typen (strathspey) har mykje saktare tempo og ei meir majestetisk kjensle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «What are 'Playford' dances?». Henta 12. desember 2011. 
  2. Lamb, William. «Mr». National Piping Centre. Henta 28. oktober 2022. 
  3. Gore (red.). «About This Website». Henta 25. juni 2023.