Folkedans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Video av baskisk folkedans.

Folkedans viser til ulike former for dans som blir framført i lokalsamfunn ulike stader i verda som leik, underhaldning eller ritual. Som omgrep står folkedans i motsetnad til klassisk dans, selskapsdans eller motedans.

Folkedansoppvising frå Texcoco i Mexico.
Den newzealandske tradisjonelle dansen eller rituelle positurane haka blir mellom anna brukt ved idrettstilstellingar.

Som annan folkekulturen er folkedans danna av skapande prosessar innanfrå og impulsar utanfrå. I europeisk dansehistorie finst til dømes ei rekkje døme på korleis folkekultur og elitekultur har vore i eit gje-og-ta-tilhøve der folkedansar er blitt omdanna til elitedansar og omvend.

Dans kan vera eit viktig verkemiddel for å skipa og styrka fellesskap og partnerskap. Ulike dansar kan til dømes markera fest og høgtider som bryllaup, fødsel og gravferd, planting, innhausting og årstidsveksling, marknadsdagar og ulike festlege høve. Folkegrupper, stammar, samfunnsgrupper og laug har alle tradisjonelt hatt eigne dansar. Etterkvart har ein teke i bruk folkedansar for å uttrykka identitet og dei er blitt viste fram ved nasjonalfeiringar, på kulturtilstellingar og for turistar.

Medan «folkeleg» folkedans er blitt overført gjennom tradisjon, deltaking og etterlikning er bevart eller koreografert folkedans ei reindyrka form av dansen som kan lærast og framførast for publikum, gjerne i samband med folkemusikk og folkedrakt. Ei folkedansrørsle som voks fram tidleg på 1900-talet har prøvd å bevara tradisjonelle folkedansar ved å gje dei faste rammer. Slik har til dømes Noreg fått sine bygdedans-, gammaldans- og songdansrørsler.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Folkedans» (12. februar 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 19. januar 2015.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kulturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.