Scunthorpe
| Scunthorpe | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Lincolnshire | ||
| Distrikt | North Lincolnshire | ||
| Folketal | 79 977 (2011)[1] | ||
| Postnummer | DN15 – 17 | ||
| Retningsnummer | 01724 | ||
![]() Scunthorpe 53°34′51″N 0°39′01″W / 53.5809°N 0.6502°W | |||
| Wikimedia Commons: Scunthorpe | |||
Scunthorpe (populært kalla Scunny, eller ironisk Sunny Scunny) er ein by i Lincolnshire i England. Han er administrasjonssenter for North Lincolnshire, og har litt over 80 000 innbyggjarar.
Byen er kjend som the Industrial Garden Town, «den industrielle hagebyen», fordi han på trass av å vere tungt industrialisert har hatt mange store hagar i sentrale område. Framleis er stålindustriselskapet Corus den største arbeidsgjevaren i området, men sysselsettinga i industrien har gått attende dei seinare åra. Industrien har sett sine spor, og byen er rekna som ein av dei tyngst dioxinforgifta i heile Storbritannia.
Byen har fotballaget Scunthorpe United, kalla "The Irons", som spelar i Championship, og har Glanford Park som si bane. Klubben har fostra både Ray Clemence og Kevin Keegan, og Ray Clemence er no ein av direktørane i klubben.
I Domesday Book (1086) er staden nemnd som Escumestorp, norrønt for «Skumas bruk».
