Sea of Flags

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Sea of Flags»
Singel av Jessica Mauboy
Land Australia
Språk Engelsk
Utgjeve 8. mai 2014
Innspelt 2014
Sjanger Dance
Lengd 3:54
Selskap Sony
Låtskrivar(ar) Jessica Mauboy, Ilan Kidron og Stuart Crichton
Produsent Stuart Crichton
Jessica Mauboy-kronologi
«Never Be the Same»
(2014)
«Sea of Flags»


«Sea of Flags» er ein singel av Jessica Mauboy, gjeven ut 8. mai 2014. Songen er skriven av Jessica Mauboy, Ilan Kidron og Stuart Crichton.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

26. mars 2014 vart det annonsert at Jessica Mauboy var valt ut av Special Broadcasting Service til å «representere» Australia i Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Dette var ein gjesteopptreden, og ei gåve til det australske folket som lenge har fulgt med på Eurovision Song Contest.[1] Tittelen på songen, «Sea of Flags», vart presentert 6. mai 2014 av Auspop.[2] Mauboy framførte songen i den andre semifinalen 8. mai 2014 som ein del av det australske pausenummeret, og vart dimed den fyrste ikkje-europeiske soloartisten som deltok i eit pausenummer i Eurovision Song Contest.[1] I showet deltok mellom anna ein astronaut med eit tosidig australsk og aboriginalsk flagg, som avslutta showet med å seie: «Eitt lite steg for Europa, eitt stort sprang for Australia!» «Sea of Flags» vart gjeven ut på iTunes like etter framføringa, både i Australia og Europa.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 1,2 McCabe, Kathy (26. mars 2014). «Jessica Mauboy will represent Australia at the Eurovision Song Contest as a guest performer» (engelsk). The Herald and Weekly Times. Henta 12. mai 2014. 
  2. «Countdown to Eurovision: Armenia» (engelsk). Auspop. 6. mai 2014. Henta 12. mai 2014.