Sei doch nicht so eifersüchtig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Sei doch nicht so eifersüchtig»
Song av Lys Assia
Land Sveits
Språk Tysk

«Sei doch nicht so eifersüchtig» (tysk for 'Ikkje ver så sjalu') er ein song av Lys Assia frå 1956.

I Concours Eurovision 1956, den sveitsiske uttakinga til Eurovision Song Contest 1956 i Lugano i Sveits, deltok Assia med heile fem songar. «Sei doch nicht so eifersüchtig» starta som nummer to, etter Jo Roland med «Vendredi» og før Lys Assia og Quinteta Radiosa med «Das alte Karussell». Kor mange poeng bidraget fekk er ikkje kjend. Det einaste ein veit er at dette bidraget ikkje vart vald ut til å representere Sveits i Eurovision Song Contest 1956.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]