Seigo Narazaki
![]() | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn |
Seigo Narazaki (japansk: 楢崎正剛) | ||
| Fødd | 15. april 1976 | ||
| Fødestad | Kashiba | ||
| Høgd | 186 cm | ||
| Posisjon | Keeper | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Nagoya Grampus | ||
| Nummer | 1 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 1989-91 1992-94 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 1995-98 1999- |
|
104 (0) 307 (0) | |
| Landslag | |||
| 2000 1998- |
|
4 (0) 70 (0) | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. februar 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 4. februar 2010 | |||
Seigo Narazaki (fødd 15. april 1976) er ein japansk fotballspelar som spelar som keeper for Nagoya Grampus i J-League i Japan, og for det japanske landslaget. Narazaki vart fødd i Kashiba i Kansai-regionen.
Narazaki fekk kontrakt med Yokohama Flügels i 1995, då han var ferdig på vidaregåande skule. Han vart klubben sin førstekeeper den sesongen, og spelte den første kampen sin 16. august 1995, mot Bellmare Hiratsuka. Han var med å vinna den japanske cupen med Flügels i 1998. Då Flügels vart slått saman med den andre Yokohama-klubben Yokohama Marinos i 1999, gjekk Narazaki over til Nagoya Grampus Eight. Med dei vann han den japanske cupen igjen i 1999.
Narazaki debuterte for det japanske landslaget i ein kamp mot Australia 15. februar 1998. Han var med i troppen til fotball-VM i både 1998, 2002 og 2006. I 2002 spelte han alle Japan sine kampar, men i 1998 og 2006 var han reserve for Yoshikatsu Kawaguchi.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 12. mars 2010.
