Zico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Zico
Zico6.jpg
Fullt namn Arthur Antunes Coimbra
Fødd 3. mars 1953
Rio de Janeiro i Brasil
Høgd 1,72 m
Kallenamn Den kvite Pele, Galinho
Posisjon Midtbane
Ungdomsklubb
1967-1971 Flamengo
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1971-1983
1983-1985
1985-1989
1991-1994
Flamengo
Udinese
Flamengo
Kashima Antlers
637 (478)
79 (56)
94 (30)
88 (54)
Landslag
1976-1989 Brasil 89(66)
Trenarkarriere
2002-2006
2006-2008
2008-2009
2009-
Japan
Fenerbahçe
Bunyodkor
CSKA Moskva

Klubbkampar og mål i nasjonal liga .

Arthur Antunes Coimbra (fødd 3. mars 1953 i Rio de Janeiro), betre kjend som Zico, er ein tidlegare kjend brasiliansk fotballspelar. Han vart mellom anna kalla «den kvite Pele» og var kjend for spelet sitt på det brasilianske landslaget og sine fantastiske frispark. Mange meiner han er av dei beste midtbanespelarane verda har sett.

Zico deltok i VM-sluttspela 1978, 1982 og 1986. Under sluttspelet i 1982 var han ein av dei viktigaste spelarane på det brasilianske landslaget, saman med Sócrates, Falcao og Éder.

Zico vart rekna å vere den beste spelaren på slutten av 70-talet, og på starten av 80-talet. Spelestilen hans likna på Pele sin, og han klarte det meste. Han var med i VM første gongen i 1978Brasil kom på fjerdeplass. I VM 1982 var han den store stjerna i eit brasiliansk lag som vert rekna som eit av dei beste laga nokon gong. Før VM 1986 hadde han hatt store skadeproblem og gjorde ingen nemneverdig innsats. Totalt spelte Zico 71 landskamper og scora 48 mål. På dei ulike klubblaga spelte han visstnok 1086 kamper, og scora 709 mål.

Zico spelte store delar av karrièren i Flamengo, men han spelte òg i italienske Udinese. Han avslutta karrieren i den japanske ligaen. Zico har etter den aktive karrieren vore trenar, og var frå 2002-2006 trener for Japan. Deretter vart han trener for den tyrkiske klubben Fenerbahçe, i Fenerbahçe var han trener frå 2006-2008. Han tok så over den usbekistanske klubben Bunyodkor og vart der i ein sesong. I januar 2009 tok han så over den russiske klubben CSKA Moskva, der han framleis er trenar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]