Seliger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Seliger
innsjø
Prokudin-Gorskii-09-edit2.jpg
Land Flag of Russia.svg Russland
Høgd over havet 205 moh
Areal 212 km²
Middeldjupn 5,8 m
Koordinatar 57°10′N 33°03′EKoordinatar: 57°10′N 33°03′E
Øyar 160 (Stolbnyj)
Byar Ostasjkov
Wikimedia Commons: Lake Seliger

Seliger (russisk Селигер) er ein innsjø i Tver oblast og dei nordlegaste områda av Novgorod oblast i Russland. Han ligg nordvest i Valdajhøgdene og er ein del av nedslagsfeltet til Volga. Han ligg 205 meter over havet og har eit areal på 212 km². I snitt er han 5,8 m djup.

Seliger ligg i eit vakkert landskap med skogkledde åsar. Han er ein del av eit naturreservat og vert stundom kalla «den europeiske Bajkalsjøen» på grunn av det mangfaldige og unike dyre- og plantelivet, på same måte som Bajkalsjøen.

Ostasjkov er den einaste byen ved innsjøen og ein populær feriestad.

Øya Stolbnyj med Nilov kloster ligg i innsjøen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]