Semperoper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Operahuset Semperoper i Dresden.
Interiøret.
Den øydelagde Semperoper etter bombingane i februar 1954.

Semperoper (Semperoperaen) er eit vidgjete operahus i Dresden i Tyskland, der Sächsische Staatsoper Dresden (Den sachsiske statsoperaen i Dresden) har tilhald. Operahusets eige orkester har namnet Sächsische Staatskapelle Dresden (Det statlege sachsiske orkesteret). I tidlegare tider var dette operahuset staden for den keisarlege hoff- og statsoperaen i Sachsen.

Namnet Semperoper har operahuset fått etter arkitekten som teikna det, Gottfried Semper. Huset stod ferdig i 1841, men har vorte skada fleire gonger seinare, under ein brann i 1869, og av dei alliertes bombingar av Dresden i februar 1945 (under den andre verdskrigen). Det vart oppattbygd og opna på nytt i 1985, men vart mykje skada enno ein gong under dei flaumane som råka Dresden og store lutar av Sentral-Europa i 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Semperoper