Sense-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sense
Singine
elv
none  Sense ved Schwarzwasser
Sense ved Schwarzwasser
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Kjelde Samløp mellom Kalte Sense og Warme Sense
 - stad ved Zollhaus
Munning Saane
 - stad ved Laupen i Bern
 - høgd 489 moh
Lengd 35,7 km
Wikimedia Commons: Sense

Sense (tysk) eller Singine (fransk) er ei sideelv til Saane frå høgre i Sveits. Ho er ei grenseelv mellom kantonane Fribourg og Bern. Elva starta der Kalte Sense, som kjem frå fjellet Gantrisch, og Warme Sense, som renn frå innsjøen Schwarzsee, renn saman ved Zollhaus.

Sense renn gjennom eit 15 km langt gjel, som er ein populær stad for vassport.[1] Den største sideelva hennar er Schwarzwasser.

Etter om lag 35 km munnar Sense ut i Saane ved Laupen i Bern. Sidan vassnivået i Sense kan stige hurtig under kraftig regnvêr, er det farleg å opphalde seg nær elveleiet i usikre vêrtilhøve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 46°54′21″N 7°14′02″E