Turkmenistan
| Türkmenistan Jumhuriyäti Republik Turkmenistan (norsk: Turkmenistan, turkmensk) | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
| Nasjonalsong | «Garaşsyz, Bitarap,Türkmenistanyň Döwlet Gimni» | ||||||
| Motto | Ingen | ||||||
![]() | |||||||
| Offisielle språk | turkmensk | ||||||
| Hovudstad | Asjkhabad | ||||||
| Styresett |
Republikk Serdar Berdimuhamedow | ||||||
| Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
488 100 km² (52.) Ubetydeleg | ||||||
| Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
5 351 277 (118.) 11 /km² (179.) | ||||||
| Sjølvstende - Erklært |
Frå Sovjetunionen 27. oktober 1991 | ||||||
| Nasjonaldag | 27. oktober | ||||||
| BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
90 290 mill. USD (83.) 16 100 USD (80.) | ||||||
| Valuta | Turkmensk manat | ||||||
| Tidssone | UTC +5 | ||||||
| Telefonkode | +993 | ||||||
| Toppnivådomene | .tm
| ||||||
Turkmenistan er eit land i Sentral-Asia. Det grensar til Afghanistan, Iran, Kasakhstan, Usbekistan og Kaspihavet.
Kommunistpartiet i landet er det einaste tillatne. Presidenten vart dyrka gjennom avbildingar og statuar, medan dei to bøkene hans er pensum i skulen. Reiser og kommunikasjon, til dømes media, er underlagde streng kontroll.

(klikk på kartet for større versjon)
Historie
[endre | endre wikiteksten]På 1100- og 1200-talet vart byen Merv ein av dei største byane i verda, med eit innbyggartal på opptil 500.000.
Turkmenistan var eit diktatur fram til desember 2006, då den sjølvutnemnde livstidspresidenten Saparmurat Nijazov døydde. Han styrte landet saman med det tidlegare kommunistpartiet i landet, som er det einaste tillatne.
Klima
[endre | endre wikiteksten]Turkmenistan har eit kontinentalt klima med store daglege og årlege temperatursvingingar. Støv er kanskje det mest alvorlege klimatiske problemet i landet. Kvar vår vert store støvskyer piska opp frå Karakumørkenen. Dei kjem ofte i samband med torevêr som gjev lite eller ingen nedbør. Dei mest støvete områda er dei sentrale områda av Turkmenistan, som kan ha 60 eller fleire slike dagar i året. Sjølv dei sentrale ørkenområda får nokre dagar med lett snø og ein god del overskya vêr. Sjølv om det aldri vert lummert er det overraskande mykje fukt i lufta om sommaren, som elles er så godt som utan nedbør. Den relative fukta fordi temperaturen er høg, og enkelte dagar kan det bli opp i 45 °C. Om sommaren kjem temperaturen sjeldan under 35 °C; om vinteren fell han ofte under -30 °C. Hausten kjem raskt og gjev ei blanding av behagelege temperaturar, mykje sol og lite nedbør. Asjgabat har ein årleg nedbørsnormal på 228 mm, men i ørkenområda kjem det berre kring 80 mm nedbør i året. I fjellstrøka kan det kome kring 300 mm.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Turkmenistan. Store norske leksikon
