Sentralt stadnamnregister

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sentralt stadnamnregister (SSR) er i Noreg eit nasjonalt register, ført av Statens kartverk. Registeret er oppretta etter § 12 i Lov om stadnamn.

Sentralt stadnamnregister inneheld alle lovleg fastsette skrivemåtar for stadnamn:

  • V - vedtatte namneformer med vedtaksdato
  • S - namneformer fastsette ved samlevedtak (vedtak som gjeld ein serie namn med eit felles namneledd, med vedtaksdato)
  • A - namneformer som er avslåtte etter vedtak i rette forvaltningsorganet, med vedtaksdato
  • K - påklaga namneformer
  • G - godkjende namneformer - skrivemåtar godkjende og brukte i offentleg samanheng etter regelverket som gjaldt då lova tro i kraft i 1991, opplysningar om kor namnet er brukt
  • P - namn fastsette privat (turisthytter, hotell, campingplassar og andre føretak)

Registeret skal vidare innehalde opplysningar om

  • språk eller språkform (norsk, kvensk, nord-, lule- eller sørsamisk)
  • objekttype (grend, gard, bruk, veg, vatn, elv, nes osv.)
  • om det finst fleire namn i same språkform for same namneobjekt, kva for namn som er mest vanleg brukt der ein har kunnskap om det
  • koordinatar
  • kommunenummer

Registeret inneheld rundt 600 000 stadnamn.

Opplysningane i registeret er offentlege. Alle offentlege organ er forplikta til å bruke vedtatte skriveformer. Opplysningar om namna i registeret har Statens Kartverk m.a. kunngjort i Norgesglasset Arkivert 2006-11-25 ved Wayback Machine..

Kjelder[endre | endre wikiteksten]