Kvensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kvensk språk)
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvensk
kvääni
Klassifisering: Uralsk
 austersjøfinske språk
Talarar: kvener
Bruk
Tala i: Flag of Norway.svg Noreg
Kvensktalande i alt: 5 000 - 8 000[1]
Rangering: 106
Skriftsystem: Latinsk
Språkkodar
ISO 639-3: fkv

Kvensk (på kvensk kvääni[2], tidlegare kainun kieli eller kveenin kieli) er eit finsk-ugrisk språk som òg kan klassifiserast som ein dialekt av finsk. Kvensk er språket til kvenene — ei folkegruppe som er etterkommarar av finnar som innvandra til Troms og Finnmark frå 1600-talet av frå grensedalen mellom Sverige og Finland, Tornedalen, og frå Nord-Finland. Kvensk språk har ein viss status som språk i Porsanger kommune.[3]

I kvenske/finskætta miljø er det mykje diskusjon om ein ynskjer eit eige kvensk skriftspråk eller å halde på det riksfinske som blir lært i skulane i dag.

På eit møte i 2008 vart det vedtatt at skriftspråksnormalen som er under utarbeiding, skal basere seg på eit kompromiss mellom alle dei kvenske dialektane, og samstundes vere ei tilnærming mot meänkieli.[4]

I januar 2006 vart det starta eit studium i kvensk ved universitetet i Tromsø. Studiet går over tre semester, og ein kan studere enkeltemne som kvensk språk og kvensk kultur og litteratur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1800-talet vart kvenene av norske myndigheiter sett på som viktige i arbeidet med å dyrke opp Finnmark. Frå og med starten av 1900-talet slo Noreg over til ein politikk som gjekk ut på å hindre bruken av kvensk og samisk. Jordsalsloven, Lov av 22. mai 1902 om avhendelse av og bortforpaktning av Statens jord i Finnmark, § 1c sa at «Avhendelse må kun skje til norske statsborgere – som kan tale, læse og skrive det norske sprog og benytte dette til daglig bruk». NRK vart oppretta i 1933. Allereie året etter vart den første NRK-bygde radiosendaren utanfor Oslo opna — og det i Vadsø. Etter oppfordring frå Forsvaret delte NRK ut 50 radioapparat gratis til samar og kvenar i grensestroka mot Finland, så det er ikkje tvil om kva motiva bak denne radiosatsinga var.[treng kjelde]

I starten av 1990-åra vart det mogleg å ha finsk/kvensk som andrespråk i skolen i dei tre nordlegaste fylka.

Den norske regjeringa erklærte 26. april 2005 at dei såg på kvensk som eit eige språk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. ethnologue.com
  2. «Det kvenske navnet på språket er kvääni». 19. juni 2009. Arkivert frå originalen 22. mars 2011. 
  3. «Trekulturelle og trespråklige Porsanger». Porsanger kommune. 4. oktober 2016. 
  4. «Referat fellesmøte språkting og språkråd». Arkivert frå originalen 24. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Incubator-logo.svg Wikimedia Incubator - Wikipediakvensk

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.