Sepoy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sepoyar frå Hyderabad Contingent i 1862.
John George Smyth og ein sikh-sepoy under første verdskrigen.

Sepoy er ei engelsk form av sipahi (سپاهی) persisk og urdu for 'soldat', og viste historisk til indiske soldatar som gjorde teneste for ei europeisk kolonimakt. Omgrepet er kanskje best kjend frå Det indiske opprøret i 1857, som på engelsk lenge er blitt kalla The Sepoy Mutiny.

Nemninga er framleis i bruk for meinige soldatar i dei indiske, pakistanske og bangladeshiske hærane.

Ein panjabisk sepoy frå tidleg 1900-tal.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sepoyar i fransk teneste[endre | endre wikiteksten]

Etter danninga av Det franske austindiske kompaniet (Compagnie des Indes) i 1719 vart indiske sepoyar (cipayes) rekruttert for å vere ein tilvekst til dei tilgjengelege franske og sveitsiske troppane med leigesoldatar. Kring 1720 var det 10 000 sepoyar i fransk teneste. Sjølv om talet på soldatar minka mykje, heldt Frankrike oppe eit militært korps beståande av indiske sepoyar (corps militaire des cipayes de l'Inde) i Pondichery, fram til styrken vart oppløyst i 1898 og erstatta av eit lokalt rekruttert gendarmeri.

Sepoyar i Britisk India[endre | endre wikiteksten]

Nemninga sepoy vart i den britiske India-hæren, og før det hæren til Det britiske austindiske kompaniet (East India Company), brukt om ein infanterisoldat av menig grad. Ein kavalerisoldat vart kalla sowar. Nær 300 000 sepoyar var avgjerande for at austindiakompaniet skulle kunne halde makta på det indiske subkontinentet. Men sepoyar spela ei framståande rolle i Det indiske opprøret i 1857, då dei gjorde opprør etter rykte om at patronhylsene til dei nye geværa som soldatane vart utstyrt med, var innsmurde med dyrefeitt.

Sepoyar i portugisisk teneste[endre | endre wikiteksten]

Også i Portugisisk India gjorde indarar teneste som soldatar. Sepoyar frå portugisisk India vart seinare sende til andre land i det portugisiske imperiet, i særleg grad til Afrika. Portugisarane tok elles nemninga sipaio i bruk om afrikanske soldatar og afrikansk politi på landsbygda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]