Den indiske hæren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soldatar frå 99th Mountain Brigade's 2nd Battalion, 5 Gorkha Rifles, under øvinga Yudh Abhyas i 2013.
Indiske stridsvogner under øvinga Yudh Abhyas i 2009.

Den indiske hæren (hindi भारतीय थलसेना, Bhāratīya Thalsēnā) er den landbaserte og den største greina i det indiske forsvaret. Han er ein av dei største ståande hærane i verda, med over 1,1 millionar aktive soldatar og 960 000 reservestyrkar. Over 80 % av dei aktive forsvarsstyrkane i India høyrer til hæren. Som resten av det indiske forsvaret er rekruttering bygd på frivillig verving.

Hæren er sett saman av fleire regiment, men er delt inn i sju forband (Commands) med ulike geografiske basar og operasjonsområde. Den øvste leiaren (de jure) er presidenten i India, men hæren blir de facto styrt av den indiske forsvarsministeren og kommandert av hærstabssjefen, som er ein firestjerners general.

Hæren har bakgrunn i militærstyrkane som kjempa for Det britiske austindiakompaniet og seinare hæren til Britisk India. Mange av regimenta har derfor teke del i slag og felttog også før India fekk sjølvstende. Etter sjølvstendet har hæren vore involvert i fire krigar mot nabolandet Pakistan og ein mot Kina. Andre større operasjonar har vore Operation Vijay, Operation Meghdoot og Operation Cactus. Hæren har også vore fredsbevarande styrke for SN fleire gonger, mellom anna i Angola, El Salvador, Kambodsja, Kongo, Kypros, Korea, Libanon, Liberia, Mosambik, Namibia, Somalia og Vietnam.

Forband[endre | endre wikiteksten]

Logo Namn Hovudkvarter
Indian Army HQ.jpg Headquarters, Indian Army New Delhi
IA Central Command.jpg Central Command Lucknow i Uttar Pradesh
IA Eastern Command.jpg Eastern Command Kolkata i Vest-Bengal
IA Northern Command.jpg Northern Command Udhampur i Jammu og Kashmir
IA Southern Command.jpg Southern Command Pune i Maharashtra
IA South Western Command.jpg South Western Command Jaipur i Rajasthan
IA Western Command.jpg Western Command Chandimandir i Haryana
IA Training Command.jpg Training Command Shimla i Himachal Pradesh

Regiment[endre | endre wikiteksten]

Soldatar frå Rajput Regiment
Soldatar frå Sikh Light Infantry
Soldatar frå Madras Regiment

Oppbygginga av Den indiske hæren byggjer på den britiske. Han består av regiment som er ansvarlege for å danna bataljonar til ulike operasjonar. Kvart regiment har ein eigen identitet og lojalitet, og soldatar tilbringer som regel heile karrieren sin i eitt regiment.

Infanteri-regiment rekrutterer soldatar ut frå visse kriterium som regional, etnisk eller religiøs tilhøyring, ei anna arv frå den britisk-indiske hæren. Det er blitt gjort ulike framlegg om å danna regiment utan slike band, men desse har hatt lite suksess. Hæren har 31 infanteriregiment:

Infanteriregiment etter alder:[1]




Andre regiment:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]