Sergej Vasilenko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sergej Vasilenko
Василенко Сергей Никифорович.jpg
Fødd30. mars 1872
FødestadMoskva
Død11. mars 1956
DødsstadMoskva
OpphavSovjetunionen, Det russiske imperiet
Sjangeropera
Verka somkomponist, dirigent, musikkforskar, musikkpedagog, professor, musikar
PrisarStalinprisen, 1. klasse av Fedrelandskrigens orden, Medaljen for tappert arbeide under Den store fedrelandskrigen 1914–1945, Arbeidets røde fanes orden, Folkekunstner av Den russiske sovjetrepublikk, Q4313324

Sergej Nikiforovitsj Vasilenko (30. mars 187211. mars 1956) var ein russisk-sovjetisk komponist og musikkpedagog. Komposisjonane hans synte ein sterk hang mot mystisisme.

Vasilenko vart fødd i Moskva og studerte opphavleg jus ved Universitetet i Moskva. Deretter endra han retning og studerte ved Konservatoriet i Moskva frå 1896 til 1901 under Sergej Tanejev og Mikhail Ippolitov-Ivanov. Frå 1903 til 1904 var han dirigent i eit privat operahus i byen. I fleire år organiserte og dirigerte han dei historiske konsertane ved den russiske musikkforeininga. Han vart så professor ved Konservatoriet i Moskva, der han hadde mellom anna Aram Khatsjaturjan, Nikolaj Roslavets, Nikolaj Rakov og Aarre Merikanto som studentar.

Som komponist produserte Vasilenko både operaer, koralmusikk og orkestermusikk. Han vart tildelt Ordenen av den raude fana, fekk tittelen «Velfortent kunstarbeidar», og i 1947 fekk han Stalinprisen. Sergej Vasilenko døydde i Moskva i 1956.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]