Sessøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sessøyfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kart
Sessøyfjorden
69°44′59″N 18°16′31″E / 69.74985806°N 18.27541389°E / 69.74985806; 18.27541389

Sessøyfjorden er ein fjordKvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Ersfjorden som går vidare austover. Fjorden ligg på austsida av Sessøya, som han er kalla opp etter.

Fjorden har innløp mellom Oterneset i vest og Madsengodden i aust. Bygda Rekvik ligg ved fjorden på austsida, medan grenda Sessøy ligg tvers over fjorden på andre sida. Sørvest for Sessøya ligg Håjafjorden. Nordaust for Madsengodden går Vengsøyfjorden austover.