Setergrotta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setergrotta er den sjette lengste grotta i Noreg og ei av over 200 kalksteingrotter i Rana kommune. Grotta er ei av mange populære grottene som vi finn i norsk naturarv og har vore eit attraktivt turistmål i mange år. Setergrotta er ein dal av Grønli-Setergrotta systemet, som består av grottene Grønligrotta, Langgrotta-Isgrotta, nedre Isgrotta og Setergrotta. Dette grottesystemet er til saman 8,4 km langt og dekker 273 høgdemeter. Setergrotta åleine er 3,4 km lang[1]. Det er ingen krypesamband mellom desse grottene, men det går vassamband mellom dei. Grottene er forbunde med Storbekken og ligg i dalsida i Røvassdalen, 22 km nord for Mo i Rana, nær Polarsirkelen.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Setergrotta er berekna til å vere kring 400 000 år gammal. Han vart først oppdaga i 1930 åra av lokale gardsbrukarar. Setergrotta fekk då namnet sitt av det næraste gardsbruket som heiter Seterås. Grotta vart funne ved at isen som sperra inngangen smelta. Inngangen heitar Resakjelen, som er eit gammalt ord for trollkjele. Den første opninga som vart funnen var veldig trong. Grotta har to inngangar, I den austre gongen finst det store hallar som er opp til 9 m høge. Det er to «etasjar» i grotta, og eit stort vassfylt parti der det finst pigmentfri aure. På sørsida finst Grønligrotta, avstanden mellom grottene er truleg ikkje meir enn 50 m. Grotta vart først kartlagt i 1939 av Gunnar Horn som var ein av dei fremste geologane i Noreg på den tida. Han vart då kartlagt til å vere 1500 m lang. I ettertid fann dei engelske grotteekspertane Shirley og David St. Pierre at lengda på grotta kunne aukast til 2,4 km. I 1965 oppdaga SWETC fleire nye gonger, dei ville krype lengre inn i grotta, men måtte slutte då dei følte at taket byrja å røre på seg. Dei oppdaga òg at det fanst mindre grotter mellom Setergrotta og Grønligrotta. Grotta er no kartlagt til å vere 3,4 km lang og 200 m djup. Den største hòla i grotta er 85 m lang, 25 m brei, 10 m høg. Ho vart funnen i 1965 av Northern Speleological Group (NSG), denne gruppa oppdaga òg fleire store hallar inne i grotta. I grotta finst det stalaktittar (dryppstein som veks nedover) som er 10 cm. Det finst òg stalagmittar (dryppstein som veks oppover) inne i grotta, dei kan bruke 1000 år på å vekse ein cm

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Setergrotta er ei kalksteingrotte. Kalkstein er tidvis òg kjent som krittstein og er ein sedimentær bergart som er danna av organismar som skil ut kalsiumkarbonat (CaCO3). Desse organismane hadde skjel eller skal som var kalkrike og då desse organismane døydde, vart skala av dei liggjande igjen på havbotnen. Etter mange år har det lagt seg lag med sand og leire og desse laga vart etter kvart sementert saman. Ut i frå denne sementeringa har det oppstått tre ulike typar stein. Ut i frå leire og sand veks skifer og sandstein til, medan dei kalkrike laga som har vore mellom leira har vore under trykk og høg temperatur og laga kalkstein. Geologisk sett er kalkstein eit område som tidlegare har vore eit grunt hav. Veggane inst i grotta er av marmor. Viss dei er reine er dei kvite og skin i ljoset ein har med seg.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Grønligrotta vart ein turistattraksjon allereie før år 1900. I 1988 avgjorde det lokale reiselivslaget i Rana at dei ville forbetre grottevandringstilbodet i området. Noko lokale eldsjelar opna grotta for turistar. Setergrotta AS vart grunnlagt i 1991. Dei fem aksjonærane er Inge Rufsholm, Ellen Rufsholm, Kristian Rufsholm, Ole Petter Rundhaug og Per Gunnar Hjorthen. Grunneigarar er Jarle Gullvik og Inge Rufsholm. Det er Setergrotta AS som driv med guida turar i grotta. Dei tilset 2 guidar kvar sommar og dei som eig Setergrotta AS administrerer selskapet utan å få vederlaga til noko slag for det. Veldig få grotter i Noreg har vorte tilrettelangt for turistar. Grottene har vorte tilrettelagt med stigar og Grønligrotta har innlagt ljos. Setergrotta er det gjort minst mogleg med for og verne den originale strukturen i grotta.

Tryggleik og besøk[endre | endre wikiteksten]

Grotta blir tryggleiksklarert kvart år, og dei som driv grotta kjenner godt til dei svake punkta som må sjekkast litt ekstra. Dette blir sjølvsagt òg teke omsyn til under dei guida turane som vitjande tek del i. Vitjande i grotta må krype gjennom tronge passasjer i dei mange berghallane og ha hovudlykt på seg. På det høgaste er Setergrotta 15 m frå botnen til toppen. Med 20 000 vitjande på 22 år blir det eit gjennomsnitt på kring 909 vitjande per år. Setergrotta er open frå seint i juni til midten av august og har då daglege turar. Turar utanfor sesongen må avtalast.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Setergrotta» frå Wikipedia på bokmål, den 19. november 2013.
  • Norsk Grotteforbund: Norges lengste grotter
  • Per Gunnar Hjorthen: Grotter og grotteforskning i Rana. Universitetsforlaget, 1968
  • Kjell Furuset: Barnas bok om huler. Damm 1998
  • Rannveig Øvrevik: Hydrogeologi og karstkorrosjon i Grønli-Seterakviferen, Mo i Rana. Cand scient.-oppgåve, Geologisk institutt, Universitetet i Bergen, 2002
  • Stein-Erik Lauritzen: Grotter; Norges ukjente underverden. Tun forlag 2010
  1. Norsk Grotteforbund: Norges lengste grotter- Henta 19. november 2013

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]