Setesdalsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Setesdalsk, vallemål eller byklemål er dei tradisjonelle norske målføra som vert tala i heile Bygland kommune og innåt kyrkjebygda i Bykle. Setesdalsk er kjend for å vera blant dei målføra med flest arkaiske måldrag. Særdrag som i andre norske målføre har døytt bort, har tradisjonelt halde seg godt i setesdalsk.[1]

Målmerke[endre | endre wikiteksten]

Tradisjonelt setesdalsk har fylgjande målmerke:

  • E-mål, det vil seia e-ending som infinitivsending (å have, take) og e-ending på svake hokjønnsord (a víse, a vike)[2]
  • Diftongering av dei lange norrøne vokalane.
  • Svaribhaktivokal frå r-endinga på norrønt. (t.d. garðr -> gar'e)
  • Fleirtalbøying av verb. Når det er meir enn eit subjekt, må verbet bøyast i fleirtal. T.d. Eg sat, men Mi såte.[2]
  • Dativ av substantiv og verb. Etter preposisjonar og nokre verb må substantiv stå i dativ. [2]
  • Kjønnsbøying av talord. Ein seier t.d. Tvei drenga, men tvæ kånu (to drengar, to koner).[2]
  • Skilje på svake og sterke hokjønnsord.[2]

Lydverket[endre | endre wikiteksten]

Der setesdalsk kanskje skil seg mest ifrå andre målføre på fyrste augekast er i vokalane. Dei norrøne lange vokalane har gått gjennom diftongering. Dette er eit særdrag målføret har til felles med andre skandinaviske språk, spesielt færøysk. Diftongeringa har til dømes gjort at den norrøne lange i-en í no læt som /æi/, slik at ord som side høyrest ut som sæie.[3]

Vallemål.no[4] har laga eit system for korleis orda på setesdalsk kan stavast. Det er ingen standard, men det er nokre hovuddrag:

  • ' (apostrof) tyder at ein bokstav eller ei staving fell vekk i uttalen. Døme: ha' (hadde). I einskilde høve skulle det eigenleg vore to apostrofar etter einannan i same ordet, men då er det skrive berre med ein apostrof. Dette kan t.d. vera i samband med svaribhaktivokal. Døme: vé'e (substantiv ved).[5]
  • â tyder lang a. Denne er bruka i linne hankjønnssubstantiv i dativ eintal (an/enn hagji - i hagâ) og linne hokjønnsubstantiv i bunden form eintal (a sive - sivâ)
  • Substantiv som endar på -n i både eintal og bunden form fleirtal, er skrive -nn i dativ eintal for å skilja desse to formene.[5]
  • Svaribhaktivokalen er skrive -'e. Døme på bruk av denne spesielle e-en er i sterke hankjønnssubstantiv i ubunden form eintal (hest'e), adjektiv i hankjønnsforma i positiv (fín'e) og verb, presens eintal (gjeng'e) og adverb (mest'e). Dette er ein arv frå gamalnorsken for å letta uttalen av ord some endar på -r med ein annan konsonant framføre (Tarald Nomeland 1900-1987). Døme: hestr, garðr, vollr. Det gamle nominativsmerket "r" hestr (utt. - hester) har gått over til -e - hest'e. Ordet "svaribhakti" kjem frå indisk og tyder "innskotsvokal".[5]
Diftongar og diftongerte vokalar[6][3]
Staving IPA-teikn
a ɒ~ä
au ɒu
e ɛ~e
é ɛɪ
è ɪɛ
ei ɒɪ
i ɪ~i
í æɪ
o ɔ~o
ó ɔʊ
ò ʊɔ
u ʉ~u
ú ɛu~ɛʉ
y ʏ~y
ý
ø ø
ǿ øʏ
å ɔ~o

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

På norrønt hadde substantiv fire kasus: nominativ, akkusativ, dativ og genitiv. I alle dialektar har nominativ og akkusativ vorte slegne saman, men mange plassar har dativ halde seg til den dag i dag. På setesdalsk bøyer ein framleis etter dativ, både i fleirtal og eintal. Dessutan er det mange restar ifrå genitiv i ordtak og diverse uttrykk. På norrønt markerte ein nominativ med -r på sterke hankjønnsord. Denne endinga har utvikla seg til -'e på setesdalsk sjølv om endinga ikkje markerer nominativ lenger. Døme på endinga finn ein i ord som dreng'e og hest'e (gn: drengr og hestr).[2]

Setesdalsk har òg halde godt på skiljet mellom sterke og svake hokjønnsord. På nynorsk heiter det veker og tider med same ending, men på setesdalsk har desse orda annleis ending: viku og tí'i. Hokjønnsord som slutter på -e er svake og får -u i fleirtal (t.d. vike - viku), medan dei som ikkje har noka ending får -i i fleirtal (t.d. tí - tí'i). På norrønt var bøyinga vika - vikur og tíð - tíðir. [2]

Bøyingsmønster[2]
eintal fleirtal
ubunden bunden dativ ubunden bunden dativ
hankjønn bakkji[7] bakkjen bakkâ bakka bakkan bakkó
hest'e[8] hesten hestæ hesta hestan hestó
hokjønn vike[9] vikâ vikunn viku vikun vikó
skål[10] skålí skålinn skåli skålin skåló
inkjekjønn auga[11] auga auga augo augó
tak[12] takji takjæ tòk tòkjí tòkó

Målprøver[endre | endre wikiteksten]

Det va' an dverg'e som va' så gò'e ti' smíe. Så va' der an mann'e som gjekk ti' 'ó å ville få 'an ti' å smí'e si an ljår'e. Ja, han sille smíe ljåren. Så gjinge da at smidjunn. Men mannen måtte inkji sjå på mæ 'an hǿre ljåren. 'An laut út då. Men 'an kaga inn gjænom a rive i veggjæ, å såg at dvergjen dróg ljås-eggjí ette halsbakjæ. Så sette mannen í a ljó' å støkkte dvergjæ, så 'an dróg ti' å skar av si halsen. Dvergjen høyrer 'an så trått i veggjó. Det tikkar som a klokke. Då tynner 'an.[13]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]