Hopp til innhald

Severus Slur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Severus Slur
AliasHalvblodsprinsen, «Snivilus», Sev
Fødd6. januar 1960 (daud 2. mai 1998)
ArtMenneske og trollmann
BlodstatusHalvblods
KjønnMann
HårfargeSvart
AugefargeSvart
HudfargeLys
FamilieTobias Slur (far), Eileen Prince (mor)
Tryllestavukjend
SkytsverjeHind
YrkeLærar i Eliksirar på Galtvort
GaltvorthusSmygard
Skodespelar i filmaneAlan Rickman (vaksen), Alec Hopkins (ungdom) og Benedict Clarke (born)
Fyrste opptredenHarry Potter og De vises stein
Siste opptredenHarry Potter og Dødstalismanene

Severus Slur (engelsk Severus Snape) er ein fiktiv person i J.K. Rowling sin serie om Harry Potter. Han er lærar på Galtvort. I den fyrste romanen i serien er han fiendtleg mot Harry og blir den viktigaste motstandaren i dei siste kapitla. Ettersom serien utviklar seg, blir Slurs karakter meir komplisert. Rowling avslørar ikkje hans sanne lojalitet før slutten av den siste boka, Harry Potter og Dødstalismanene. Han er skildra som bleik med kolsvarte auge og feitt, svart hår. I filmane blir Slur spelt av Alan Rickman.

Rowling har sagt at ho fekk inspirasjon til Snape frå ein lærar ho mislikte i barndommen.[1] Namnet hans tok ho frå vegen Severus Road i Clapham[2] og etternamnet frå landsbyen Snape i England.[3] I eit intervju frå 1999[4] og igjen i 2004[5] omtalte Rowling Snape som ein av favorittfigurane sine å skriva.

  1. «J.K. Rowling interview transcript». The Connection. WBUR Radio. 12 October 1999. Arkivert frå originalen 22. april 2011. Henta 14. mars 2008.
  2. @jk_rowling (23. mai 2020). «Real Harry Potter inspiration alert:...» (Tweet) via Twitter.
  3. «Rowling eToys Interview». 2000. Arkivert frå originalen 30. september 2007. Henta 16. juli 2007.
  4. Abel, Katy (1999). «Harry Potter Author Works Her Magic». Family Education. Pearson. Arkivert frå originalen 18. juli 2011. Henta 3. september 2007.
  5. «J.K. Rowling at the Edinburgh Book Festival». J.K.Rowling Official Site. 15. august 2004. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 4. november 2012.