Wurtzitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wurtzitt

Generelt
KategoriSulfidmineral
Kjemisk formel(Zn,Fe)S
Strunz-klassifisering02.CB.45
Dana-klassifisering02.08.07.01
Identifikasjon
FargeBrunaktig svart, oransjebrun, raudaktig brun, svart
KrystallformRadiale klasar og kolloforme skorper og klumpar. Òg som lagdelte krystallar.
KrystallsystemHeksagonal diheksagonal pyramideforma H-M symbol (6mm) Romgruppe: P63mc
Kløyv[1120] og [0001]
BrotUjamn
Mohs hardleiksskala3,5-4
GlansHarpiksglans, briljant submetallisk på krystallflater
Strekfargelysebrun
TransparensGjennomskinneleg
Spesifikk vekt4,09 målt, 4,10 utrekna
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 2,356 nε = 2,378
Andre eigenskaparIkkje-magnetisk, ikkje radioaktiv
Kjelder[1][2][3]

Wurtzitt er ein naturleg førekommande sinksulfid, ZnS, som er kjent i fleire polytype forma med heksagonal eller trigonal symmetri. Det er mykje sjeldnare enn den kubiske modifikasjonen av ZnS, sfaleritt (sjå polymorfi). Det opptrer ofte samanvoksen med sfaleritt i enkelte sinkførekomstar.

Det vart først skildra i 1861 etter ein førekomst i San José-gruva i Oruro by i Cercado-provinsen i Bolivia og kalla opp etter den franske kjemikaren Charles-Adolphe Wurtz.[2] I Europa har ein funne mineralet i Příbram i Tsjekkia, Hessen i Tyskland og Liskeard i Cornwall i England. I USA er det funnen i Litchfield County i Connecticut; Butte i Silver Bow County i Montana, i Frisco i Beaver County i Utah og Joplin-området i Jasper County i Missouri.[1] Wurtzitt er ikkje påvist frå Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«wurtzitt» i Store norske leksikon, snl.no.