Hopp til innhald

Sfærisk trigonometri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sfærisk trigonometri er læra om sfæriske trekantar og forholdet mellom vinklane og sidene deira. Læra er særleg viktig i utrekningar i astronomi og navigering på jordoverflata, kring jorda og i verdsrommet.

Sfæriske trekantar vart studert av tidlege greske matematikarar som Menelaus av Alexandria, som skreiv ei bok om sfæriske trekantar kalla Sphaerica. Tycho Brahe skreiv at det å forstå sfæriske trekantar var så guddommeleg og opphøgd at det ikkje høvde seg å dele mysteria om dei med kven som helst.