Shaj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Shaj»/«Fall from the Sky»
Song av Arilena Ara
Land Albania
Språk Albansk/engelsk
Utgjeve 20. desember 2019 (albansk)
10. mars 2020 (engelsk)
Sjanger Popballade
Lengd 02:57 (albansk)
03:08 (engelsk)
Selskap Independent
Låtskrivar(ar) Arilena Ara, Darko Dimitrov, Lazar Cvetkovski, Michael Blue, Robert Stevenson, Sam Schummer

«Shaj» engelsk tittel «Fall from the Sky», er ein albansk popballade frå 2019 som vert framført av songaren Arilena Ara. Songen vann den albanske songtevlinga Festivali i Këngës i desember 2019 og skulle ha vore det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Shaj» er skriven av den albanske låtskrivaren Lindon Berisha og komponert av dei makedonske musikkprodusentane Darko Dimitrov og Lazar Cvetkovski for deltakinga til Arilena Ara i den 58. utgåva av Festivali i Këngës.[2] Songen vart plukka ut til tevlinga og deltok i semifinalen 20. desember, der han kvalifiserte seg til finalen 22. desember. «Shaj» vann til slutt finalen og vart dimed det albanske bidraget til Eurovision Song Contest 2020.

Etter sigeren fortalde Ara at songen opphavleg hadde engelsk tekst, og at ho vurderte å syngje den engelske versjonen i Eurovision Song Contest.[3] I februar 2020 kunngjorde artisten at songen skulle framførast med engelsk tekst. Han vart òg finpussa og endra til ein «radiovennleg ballade i tråd med poptrendar». 9. mars 2020 kunngjorde artisten sjølv at den engelske tittelen var «Fall from the Sky» ('falle frå himmelen').[4][5]

I Eurovision Song Contest i Rotterdam skulle Albania ha delteke i den andre semifinale torsdag 14. mai 2020.[6][7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[8] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Verbet «shaj» er albansk og tyder 'å fornærma, banne, skrike' eller 'spotte'.[9] I teksta kjenner eg-personen ein djup, brennande kjensle som får ho til å ynskje å spytte og rope ut nokre sterke ord.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Arilena Ara singt 2020 für Albanien» (på tysk). Eurovision.de. 23. desember 2019. Henta 29. desember 2019. «Komponiert wurde der Beitrag von Darko Dimitrov, der unter anderem "Proud" für Tamara Todevska geschrieben hat, der Text stammt von Sänger Lindon Berisha.» 
  3. «A "Shaj" revamp? Albania’s Arilena Ara discusses potential changes including English lyrics» (på engelsk). 23. desember 2019. Henta 29. desember 2019. 
  4. «Albania's Eurovision 2020 Entry Will Be Revamped Into A Pop Ballad» (på engelsk). 4. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  5. «Albania: Arilena Ara will Fall From The Sky at Eurovision 2020». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  6. «Semi-Final Allocation Draw pots for Eurovision 2020 revealed!» (på engelsk). European Broadcasting Union. 25. januar 2020. Henta 29. januar 2020. 
  7. «Which country performs in which Eurovision 2020 Semi-Final?» (på engelsk). European Broadcasting Union. 28. januar 2020. Henta 29. januar 2020. 
  8. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  9. 9,0 9,1 «Arilena Ara: Shaj lyrics in English - Albania Eurovision 2020» (på engelsk). 2. januar 2020. Henta 11. februar 2020.