Shamblesbreen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shamblesbreen
isbre
På dette flyfotoet av ein del av austkysten av Adelaide Island kan eins jå Shamblesbreen i det øvre høgre hjørnet.
Land  Antarktis
Stad Adelaide Island
 - koordinatar 67°20′S 68°13′W / 67.333°S 68.217°W / -67.333; -68.217
Lengd km
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Shamblesbreen
67°20′00″S 68°13′00″W / 67.3333°S 68.2167°W / -67.3333; -68.2167
Shamblesbreen is located in Antarktis
Shamblesbreen (Antarktis)

Shamblesbreen er ein bratt isbre, 6 km lang og 10 km brei, med ein særs markant knollar og bresprekkar, som flyt austover mellom Mount Bouvier og Mount Mangin og ut i Stonehouse Bay på austsida av Adelaide Island. Han er den største isbreen på øya, og er eit austleg utløp frå den enorme Fuchs forlandsbre som dekkjer heile den vestlege to tredjedelen av øya. Shamblesbreen er dermed det største dalføret i fjellkjeda på Adelaide Island som går frå nord til sør.

Den nedre delen av isbreen vart oppdaga og kartlagt i 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under Jean-Baptiste Charcot, og kartlagt på ny i 1948 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Den øvre delen av breen vart kartlagt frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE) i 1947-48, og av Falkland Islands and Dependencies Aerial Survey Expedition (FIDASE), 1956-57. Han fekk dette namnet frå FIDS på grunn av den særs brotne overflata av breen. Shambles er eit engelsk ord for rot eller uorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Shambles Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).