Sheryl Sandberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sheryl Sandberg

Statsborgarskap USA
Fødd 28. august 1969 (54 år)
Washington
Yrke samfunnsøkonom, forretningsdrivande, informatikar, gründer
Språk engelsk
Politisk parti Det demokratiske partiet i USA
Medlem av National Honor Society
Religion Jødedommen
Ektefelle Dave Goldberg
Sheryl Sandberg på Commons

Sheryl Kara Sandberg (fødd 28. august 1969)[1] er ein amerikansk teknologileiar, filantrop og forfattar. Sandberg fungerte som chief operating officer (COO) i Meta Platforms frå 2008 til august 2022.[2] Sandberg er grunnleggjaren av LeanIn.Org.[3]

I 2008 vart Sandberg utnemnd til COO i Facebook.[4] I juni 2012 vart ho vald inn som fyrste kvinne i styret til Facebook.[5] Som leiar for reklameverksemda til selskapet vart Sandberg anerkjend for å ha gjort selskapet lønnsamt.[4]

Før ho byrja i Facebook som COO, var Sandberg visepresident for globalt online sal og drift hos Google. Før det fungerte Sandberg som stabssjef for finansministeren i USA, Lawrence Summers.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Sandberg vart fødd i 1969 i Washington D.C. Ho er dottera til Adele Einhorn og Joel Sandberg. Ho er den eldste av tre sysken. Faren hennar er augelege, og mora hennar var høgskulelærar i fransk.[6]

Då Sandberg var to år flytta familien hennar til North Miami Beach i Florida.[6] Ho gjekk på North Miami Beach High School, der ho vart uteksaminert i 1987.[7]

Sandberg byrja å studere ved Harvard College i 1987. Ho vart uteksaminert i 1991 summa cum laude og Phi Beta Kappa,[6] med ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi.[8] Ho vart tildelt John H. Williams-prisen for den beste avgangsstudenten i økonomi.[9] Samtidig som ho studerte ved Harvard College, var Sandberg med å skipe ein organisasjon kalla Women in Economics and Government.[7] Ho møtte også professor Lawrence Summers, som vart mentoren og avhandlingsrådgjevaren hennar.[10] Summers rekrutterte ho til å vere forskingsassistenten hans ved Verdsbanken,[6] der ho jobba i rundt eit år med helseprosjekt i India som omhandla spedalskheit, AIDS og blinde.[11]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Sandberg har fleire gongar vorte rangert som ei av dei femti mest innflytelsesrike kvinnene i næringslivet, på Forbes si liste Most Powerful Women in Business.

  • 2007: Nummer 29, yngste på lista.[12]
  • 2008: Nummer 34.[13]
  • 2009: Nummer 22.[14]
  • 2010: Nummer 16.[15]
  • 2014: Nummer 10.
  • 2016: Nummer 6.
  • 2017: Nummer 5.[16]
  • 2018: Nummer 6.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «WEDDINGS/CELEBRATIONS; Sheryl Sandberg, David Goldberg». The New York Times (på engelsk). 18. april 2004. ISSN 0362-4331. Henta 8. mars 2023. 
  2. Sawers, Paul (2. august 2022). «Sheryl Sandberg stepped down as Meta COO on August 1». TechCrunch (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 
  3. Dougherty, Ariel (13. august 2019). «Sheryl Sandberg Philanthropy Women Profile». Philanthropy Women (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Sheryl Sandberg, long Facebook's No. 2 exec, steps down». AP NEWS (på engelsk). 1. juni 2022. Henta 8. mars 2023. 
  5. «Facebook gets first female board member, COO Sheryl Sandberg». www.cbsnews.com (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 Nast, Condé (4. juli 2011). «Can Sheryl Sandberg Change Silicon Valley?». The New Yorker (på engelsk). Henta 11. mars 2023. 
  7. 7,0 7,1 «Sheryl Sandberg: From North Miami Beach High to Facebook’s No. 2 | The Miami Herald». web.archive.org. 8. oktober 2014. Arkivert frå originalen 8. oktober 2014. Henta 11. mars 2023. 
  8. Rustad, Malene Emilie & Sæter, Svein Olav (1. juni 2022). «Toppsjef i Meta Sheryl Sandberg forlater selskapet». e24.no (på norsk bokmål). Henta 11. mars 2023. 
  9. «Sheryl Sandberg Success Story : The Inspirational Female Entrepreneur». StartupTalky (på engelsk). 2. juni 2022. Henta 11. mars 2023. 
  10. Hempel, Jessi (12. april 2008). «Sheryl Sandberg: Facebook's new number two to Zuckerberg - Apr. 11, 2008». money.cnn.com. Henta 11. mars 2023. 
  11. «Sheryl Sandberg, An Inside View of Facebook». Newsweek (på engelsk). 3. oktober 2008. Henta 11. mars 2023. 
  12. «The Power 50 - Sheryl Sandberg (29) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 8. mars 2023. 
  13. «50 Most Powerful Women - Sheryl Sandberg (34) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 8. mars 2023. 
  14. «50 Most Powerful Women - 22. Sheryl Sandberg (22) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 8. mars 2023. 
  15. «50 Most Powerful Women - Sheryl Sandberg (16) - FORTUNE». money.cnn.com. Henta 8. mars 2023. 
  16. «These Are the Top 10 Most Powerful Women in Business». Fortune (på engelsk). Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sheryl Sandberg