Summa cum laude

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Summa cum laude er eit latinsk uttrykk for den høgaste utmerkinga i samband med avslutting av høgare utdanningar, og blir ofte brukt på engelske og amerikanske universitet.

Somme latinske uttrykk blir brukt til å gje til kjenne kvalitet og nivå på eit gjennomført studium. På universiteta blir typisk følgjande tre uttrykk brukte, her nemnde i stigande orden:

  • cum laude - «med ros»
  • magna cum laude - «med stor ros»
  • summa cum laude - «med største ros»

Omgrepa har same rot som dei som blei brukt som karakterar i Danmark-Noreg i perioden 1788-1805.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]