Shigella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Shigella
Systematikk
Domene: Bakteriar Bacteria
Rike: Pseudomonadati
Rekkje: Pseudomonadota
Klasse: Gammaproteobacteria
Orden: Enterobacterales
Familie: Enterobacteriaceae
Slekt: Shigella
Artar
Shigella boydii
Shigella dysenteriae
Shigella flexneri
Shigella sonnei

Shigella er ei slekt av fire gram-negative bakteriar i familien Enterobacteriaceae. Artane i slekta spelar ei større role i diarésjukdomar verda over og kan valda shigellose. Dei sjukdomsvaldande eigenskapane til Shigella-bakteriane kjem frå eit større virulensplasmid med ein storleik på opp til 220 kilobasepar.[1]

Artar av Shigella nyttar retta polymerisering av aktin til å røra seg inne i cytoplasma til seller. Til dette føremålet rekrutterer dei proteina N-WASP og ARP2/3-komplekset frå vertssella ved hjelp av IcsA-proteinet.[1]

Artane S. flexneri og S. sonnei står for dei fleste av tilfella av shigellose. Globalt står S. boydii og S. dysenteriae kvar berre bak 5 % av shigellose-tilfella.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 The, Hao Chung; Thanh, Duy Pham; Holt, Kathryn E; Thomson, Nicholas R; Baker, Stephen (2016). «The genomic signatures of Shigella evolution, adaptation and geographical spread». Nature Reviews Microbiology 14 (4): 235. PMID 26923111. doi:10.1038/nrmicro.2016.10. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.