Ritual

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
I eit utbreidd ritual før ein idrettskamp høyrer spelarar og marinesoldatar høyrer på ein nasjonalsong. Spelarane har teke av seg luene medan soldatane står i givakt, begge ritual som viser respekt for songen.

Ritual er handlingar som har symbolsk innhald og som blir gjenteke etter bestemde reglar. Ordet kan òg tyde ein fastsett orden, til dømes ei ritualbok, det vil seie forskrifter for ein kyrkjeleg seremoni, eller i vidare forstand berre fast skikk og bruk, altså ein vane eller tradisjon som følgjer gjevne handlingsmønster. Ordet «ritual» stammar frå det latinske ritus eller ritualis, som tyder 'bruk'. Rite er eit nærskyld omgrep.

Religiøse og ikkje-religiøse ritual[endre | endre wikiteksten]

Ein katolsk prest gjev nattverd i ein vigsel. Begge seremoniane er det knytt mange ritual til.

Eit ritual er ei bestemd handling som blir gjort på ein spesiell stad eller til eit spesielt tidspunkt, gjerne begge delar. Det er fleire kjenneteikn; dei som utfører ritual brukar som regel spesielle klede, et ein bestemd matrett og liknande. Kjende rituelle klede er til dømes russelue til russefeiringa.

Vi skil mellom religiøse og ikkje-religiøse ritual. Eit ritual som religiøs skikk er ein del av ein seremoni som er ei mengd handlingar, hovudsakleg gjennomført for det symbolske verdet deira, som er forordna av ein religion eller av tradisjonen i eit samfunn. Eit ritual er fellesnemninga på fleire ritar sett saman til ein seremoni.

Historisk var orda brukt om måten ein tok kontakt med høgare makter på. Religiøse livssyn har gjerne mange ritual. I dag har ein ritual til dømes i trus- og livssynsamfunn og studentforeininger med meir.

Dyreritual[endre | endre wikiteksten]

Zoologane finn paringsåtferd som er så presist gjentakande at ho blir kalla paringsritual. Tiurleik er eitt eksempel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Kult
  • Ritus, gudstenestehandling som følgjer tradisjonelle reglar
  • Rite, sosial seremoni som byggjer på tru, til dømes eit overgangsrite som markerer at ein person skiftar sosial status
  • Ritualbok, bok med reglar for kyrkjelege handlingar og bøner
  • Ritualmord, mord og menneskeofringar i samband med religiøse ritual
  • Seremoni, høgtideleg, formell og ofte symbolsk handling
  • Liturgi, ritual og ordning for ein gudsteneste
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.